Hopp til innhold

– Eg skjønar det er ei stor påkjenning

Statsminister Erna Solberg kan ikkje gjere noko med den truande «Mannen», men lovar å sjå på korleis ho kan hjelpe familiane som bur rett under det ustabile fjellpartiet i Rauma.

Statsminister Erna Solberg på "Mannen"-besøk

Statsminister Erna Solberg kikar opp mot det massive fjellpartiet «Mannen», som gjer at familien Sogge er usikre på framtida si på Lyngheim

Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK

Bak garden på Lyngheim i Rauma glir det massive fjellpartiet «Mannen» nedover. Familien Sogge er vande med ras og steinsprang, men dei stadige evakueringane tærer på. Søndag fekk statsminister Erna Solberg sjå staden med eigne auge

– Det gjer inntrykk å vere her. Eg forstår dette er ein krevjande situasjon for dei, seier Solberg.

Les også:

Ventar på raset som ikkje kjem

Dei siste åra har det ustabile fjellpartiet i «Mannen» blitt nøye overvaka av NVE. Kvar gong geologane skrur farenivået opp på raudt må dei 11 som bur under det rasutsette partiet evakuere.

Fem gongar på tre år har dei blitt rykka ut av heimane sine. På kort tid har dei fått med seg alle dyra og evakuert for å vere trygge frå eit ras som enno ikkje har kome.

– Det er ikkje så lett å bu her når du aldri veit når du må evakuere. Framtida er usikker og vi veit ikkje om vi bur her om 10 år, seier Gunn Walstad Sogge, som håper statsministerbesøket kan gi svar på ting dei lurer på.

Erna Solberg å besøk hos bebuarane under «Mannen»

Garden ligg idyllisk til i Romsdalen, med beitemark til sauane og ein låve like ved huset. Men over heimen ruvar «Mannen», og delar av dette fjellmassivet er på veg ned.

Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK

– Det er ingen som vil kjøpe her

På grunn av rasfaren er det byggeforbod på garden,

Rasfare fra Mannen

RASFARE: Mange har prøvd å forklare og illustrere kva del av fjellet, og kor mykje som vil rase. NVE har mange teoriar basert på målingane sine, men dei understrekar at det ikkje er ein fasit.

Foto: Marco Vaglieri/ Bjørn Sandvik / NRK

Erna Solberg besøker bebuarane under Mannen

Statsminister Erna Solberg tok seg også ein tur inn til dyra då ho besøkte Lyngheim i Rauma søndag.

Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK
og dei får ikkje lov til å gjere utbetringar på verken eigedom eller bygg. Dersom dei éin gong har lyst til å flytte, blir det vanskeleg å finne ein kjøpar.

– Vi vil helst ikkje flytte, for vi har brukt heile vårt liv på å bygge opp garden. Men det er klart at vi kan ikkje halde på å evakuere slik i årevis. Det orkar vi ikkje.

Under gardsbesøket på Lyngheim søndag, lovde Erna Solberg at ho vil sjå på korleis ho kan hjelpe dei.

– Vi kan ikkje gjere noko med at fjellet er uroleg, men vi skal høyre på dei ønska dei har. Eitt av dei er moglegheita til å få unntak frå regelverket med tanke på at det ikkje er lov å gjere forbetringar på eigedomen og bygg, og det skal vi sjå på.

Statsministeren stadfesta også at det kan vere ei moglegheit å diskutere erstatning dersom familiane skulle bestemme seg for å flytte.

– Dei har ikkje vore klar over kor ille situasjonen har vore

Statsminister Erna Solberg på "Mannen"-besøk

Saman med ordføraren i Rauma, Lars Olav Hustad (H), kom statsminister Erna Solberg søndag på heimebesøk til dei som stadig vekk har vorte evakuerte frå heimane sine på grunn av rasfare.

Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK
Statsminister Erna Solberg på "Mannen"-besøk

Samla rundt stovebordet fortel bebuarane under «Mannen» Erna Solberg om usikkerheita dei føler på.

Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK

Saman med mange andre, både nasjonalt og internasjonalt, har Solberg følgd situasjonen med det ustabile fjellpartiet i Rauma. Interessa for «Mannen» har vore stor og turistar har stått i kø for å ta bilde av fjellet.

Trua på ei avklaring har vore stor. Spesielt etter at NVE varsla at dei ville pøse store mengder vatn inn i fjellrekkene for å få auke bevegelsane. Slik gjekk det altså ikkje.

– Vi blir like stressa endå når vi må evakuere, som vi var første gongen. Vi har kort tid og må ha med oss alle dyra, seier Sogge.

Blir de sett av politikarane?

– Vi veit ikkje heilt. Dei har ikkje vore klar over kor ille situasjonen har vore for oss, men i og med vi har fått statsministeren på besøk vil det kanskje hjelpe på.

Sjå direkte frå «Mannen»:



SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL