Hopp til innhold

Trappar opp etterforskinga etter sakna mann

Politiet i Molde har no fått hjelp av Kripos for å finne ut kva som har skjedd med ein sakna 37-åring i Molde. Torsdag blir etterforskinga trappa opp med fleire etterforskarar.

Søk etter savnet mann I Molde

Politiet har gjennomført søk fleire stadar etter den sakna mannen i Molde.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Den 37 år gamle mannen frå Ungarn blei meldt sakna då han ikkje dukka opp på jobb som vanleg måndag denne veka.

Politiet har leita med hundeekvipasje i området der mannen bur og dei har også hatt rundspørjingar i nabolaget. I tillegg har politiet gjort ein rekke vitneavhøyr og tekniske undersøkingar heime hos mannen.

Søk etter savnet mann

Politiet ønsker tips om den sakna 37-åringen frå Ungarn.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Onsdag ettermiddag gjennomførte politiet nye søk i eit skogsområde i Nordbyen i Molde, ikkje langt frå der mannen budde. Desse søka held fram utover kvelden onsdag.

– Saka har vore under grundig etterforsking sidan måndag. Ei større etterforskingsgruppe frå politiet jobbar no på spreng med å kartlegge kva som har skjedd, og om det eventuelt kan ha skjedd han noko, seier Knut Meek Corneliussen, påtaleansvarleg i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK.

Torsdag blir etterforskinga trappa opp ytterlegare. Då kjem fleire etterforskarar frå Kripos til Molde for å hjelpe til med det tekniske etterforskingsarbeidet. Det skriv rbnett.no onsdag kveld.

Fleire teoriar

Knut Meek Corneliussen

Påtaleansvarleg Knut Meek Corneliussen seier at politiet held alle moglegheiter opne i saka.

Foto: Roar Strøm / NRK

Den siste kjente observasjonen av den sakna mannen frå Ungarn var i 01.00-tida natt til laurdag i Storgata i Molde sentrum.

Corneliussen kan ikkje utelukke at det kan ha skjedd noko straffbart.

– Når vi ikkje har svaret på kor mannen er, og om det kan ha skjedd noko med han, så må vi jobbe ut frå fleire teoriar, seier han.

Hjelp frå Kripos

Storgata i Molde

Det var her i Storgata i Molde at mannen var observert sist.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Ei større gruppe med politietterforskarar frå Molde og Ålesund jobbar med saka. Onsdag fekk dei også hjelp frå ein analytikar frå Kripos.

– Vi har bedt om hjelp frå ein analytikar for å samle trådane undervegs i saka. Vi vurderer fortløpande om det blir behov for ytterlegare hjelp frå Kripos, seier Corneliussen.

Politiet ber publikum som kan ha sett mannen, eller som har informasjon om saka, om å ta kontakt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL