Vegen ned til den idylliske fråflytta garden Vika i Sunndal er smal, kronglete og bratt. Det er 50 år sidan folk har budd her fast. Dreneringa rundt huset frå 1800-talet er tett, og kjellaren har stått full av vatn. Det er ikkje innlagt vatn eller kloakk i huset og i veggane spring det mus.
– Plassen er heilt perfekt, seier Ingrid Hopsø (30). Ho og Nicholas Philip Brooks (33) fall pladask for staden då dei var på vising i november. Dei trudde dei var åleine om å ha lyst på småbruket ved sjøen sidan salsannonsen hadde lege ute ei stund, men der tok dei feil.
Leita i to år
Heilt sidan barndommen har Ingrid frå Lade i Trondheim drøymt om å bu på gard. Dei siste to åra har ho dagleg vore innom Finn.no på jakt etter eit småbruk i nærleiken av heimfylket. Først då ho utvida søket geografisk, dukka garden i Sunndal på Nordmøre opp.
Paret var sikre på å få kjøpe garden, men plutseleg dukka det opp ein mann som også drøymde om småbruk. Mannen bydde 1,5, Ingrid og Nick 1,6. Boda vart høgare og høgare og nærma seg maksgrensa til paret på 2 millionar.
– Då motparten bydde 2,1 millionar var slaget tapt. Vi brente prospektet, drakk whisky og prata drit om småbruket, fortel Ingrid. Men slaget var ikkje tapt. Ein mann med dårleg samvit fekk plutseleg ikkje sove.
Angra seg
Øystein Larsen (52) er mannen som bydde mot paret. Han hadde også vore på jakt etter småbruk, og syntest garden i var perfekt. Men då han forstod at dei han hadde vunne over var eit ungt par, kom tvilen. Det var avisa Driva som først fortalde historia.
– Eg tenkte på det unge paret og fekk ikkje sove, seier Larsen. Han ringde meklaren og tilbydde seg å betale dei 100.000 kronene som skilde dei to boda.
– Det er berre pengar og det var riktig å gjere det, seier Larsen, som framleis er på jakt etter eit småbruk.
Naboen jubla
På Viklandet i Sunndal overdøyver ei gul gravemaskin lyden av fuglekvitter og humlesus. Nabo Kåre Langseth vart så glad då han fekk eit ungt par som naboar at han tilbydde seg å hjelpe dei med dreneringa. Faren til Ingrid, Torbjørn Strømsvik, er også på plass for å bidra med restaureringa. Han tvilar på at dei er klar over kor mykje arbeid som ventar, men set det på kvoten for ungdommeleg pågangsmot.
Ingrid og Nick angrar ikkje eit sekund på kjøpet.
– Vi trudde vi var handy, men vi merkar at vi gjer mykje feil. Vi googlar korleis vi skal gjere alt. Det får ta så mykje tid det vil, for vi skal bu her resten av livet, seier Ingrid.