Hopp til innhold

– Avsendaren må stå fram

Fylkesleiar i Sp ber leiinga diskutere om det er rett å suspendere mennene som var på den mykje omtalte hytteturen, der det blei sendt ei grov sex-melding til Liv Signe Navarsete.

Tove Henøen

Fylkesleiar i Møre og Romsdal Senterparti, Tove Henøen, seier partiet har kome i ein kinkig situasjon og ber den skuldige stå fram.

Foto: Trond Vestre / NRK

«Vi har lyst på fitta di» stod det i meldinga som vart sendt til Navarsete på ein fest på ein hyttetur for to år sidan. Alle dei ti mennene som var på turen har nekta for å ha sendt ho, til trass for oppfordringar om at den skuldige bør stå fram. Åtte av dei ti har tillitsverv i Senterpartiet.

Fredag gjekk tidlegare Sp-leiar Åslaug Haga ut og bad partiet suspendere nestleiar Ola Borten Moe og dei andre som var med på hytteturen, for å tvinge fram sanninga.

– Det burde ha vore unødvendig. Den skuldige burde ha stått fram, seier fylkesleiar i Senterpartiet i Møre og Romsdal, Tove Henøen.

– Om ingen står fram, vil alle ti vere mistenkte

Senterpartiets landsmøte 2017.

Noverande Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og tidlegare Sp-leiar Åslaug Haga under partiet sitt landsmøte i fjor.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix
Ola Borten Moe

BLANT DELTAKARANE PÅ HYTTETUR: Ola Borten Moe var ein av åtte sentrale Sp-politikarar som var på den mykje omtalte hytteturen i Åre.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Den mykje omdiskuterte meldinga til Liv Signe Navarsete sin Messenger-konto vart sendt frå telefonen til tidlegare statssekretær Morten Søberg, men heller ikkje han veit kven som har sendt meldinga.

Tove Henøen vil ikkje svare på om ho støttar utspelet frå Haga, men seier leiinga i Senterpartiet bør diskutere om det er rett å suspendere dei ti mennene som var med på hytteturen.

– Så lenge ingen av dei står fram, så vil det vere eit problem. Då vil alle dei ti vere mistenkte.

Fylkesleiaren er likevel klar på at dette er ei sak som Senterpartiet må ta alvorleg og at noko må gjerast.

– Det er klart det er uhaldbart å ha ein situasjon der det er ti som er mistenkte og ingen står fram. Så noko må partiet gjere.

– Ingen ukultur i Senterpartiet

Til VG seier Åslaug Haga at det er ein ukultur i Senterpartiet som må ryddast opp i, men det er ikkje fylkesleiar Henøen heilt einig i, sjølv om ho seier det er ein kinkig situasjon partiet er i.

– Eg opplever ikkje at det er ein spesiell ukultur i Senterpartiet, men det er fleire parti som slit med det same, så dette må vi ta alvorleg.

– Den skuldige burde ha stått fram.Eg håper den som har sendt meldinga kan vere såpass at han står fram og at han ikkje dreg med seg alle andre, seier Henøen.

– Tatt av i media

Fylkesleiar for Senterpartiet i Trøndelag, Gunn Iversen Stokke, meiner saka har tatt heilt av.

– Det er feil at dette har tatt av i media. Eg forheld meg til at saka blir behandla i forhold til dei retningslinjene vi har i partiet, seier Stokke til NRK.

Også andre fylkesleiarar i Senterpartiet er forsiktige med å uttale seg om kva dei meiner bør gjerast i saka. Fylkesleiar i Aust-Agder, Oddbjørn Kylland (Sp), meiner dette er ei sak som skal diskuterast på Senterpartiet sine møter.

– Dette er ein debatt som vi tek på våre møter og ikkje gjennom media. Partileiinga og generalsekreæren køyrer ein prosess utifrå retningslinjer som er i partiet. Dei må få tid og handlingsrom til å gjere seg ferdige med det.

Vidar Nedrebø, som er fylkesleiar Senterpartiet i Rogaland, er endå meir avmålt.

- Dette er ei internsak. Vi har dialgoen internt og då forheld eg meg til det, seier Nedrebø.

NRKs politiske kommentator Lars Nehru Sand.

Lars Nehru Sand kommenterer saka i Kveldsnytt

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL