Hopp til innhold

Her hoppar 69 basehopparar utfor fjellet

Laurdag kveld bykste 69 basehopparar utfor fjellet Katthammaren i Nesset. Dei skulle vere 100, men mange snudde på grunn av tåke. Likevel vart det rekord.

Basehopp frå Katthammaren

Basehopparane venta i fleire timar på fjellet Katthammaren på at tåka i dalen skulle lette. Så kom det ei glipe i skydekket og dei hoppa utfor. Foto: Ewan Cowie

Basehopparar frå inn- og utland har campa i Eikesdalen i Nesset i helga og følgt vêret nøye. Planen var at 100 basehopparar skulle vere i fritt fall samstundes. Den førre rekorden er frå 2010, då 53 personar hoppa på likt.

Skodda har ligge tjukt ned i fjella, og difor var det mange av basehopparane som snudde før dei kom opp til Katthammaren. Andre gjekk ikkje opp. Dei som gjekk opp sat og venta på betring i veret i fleire timar. Ein av dei var Hans Holmefjord.

– På fjellet var det fint, men det låg tåke i dalen som skapte problem. Til slutt løsna tåka og det vart superbra, seier basehopparen.

Då det kom ei glipe i skydekket hoppa 69 personar og sette ny rekord.

Basehopparar ventar i Eikesdal ventar på at tåka skal lette

Tåka hang langt ned i fjella laurdag, så det såg lenge ut for at rekordforsøket måtte utsettast.

Foto: Remi Sagen / NRK

Landa trygt

– Det er heilt fantastisk, seier basehoppar Espen Fadnes. Han er kåra til verdas raskaste vingedraktflygar og skulle ha hoppa sjølv også, men på grunn av tøffe forhold og dårleg sikt gjekk han aldri opp på fjellet. Han er ikkje bitter på at han ikkje fekk vere med på moroa.

Den stupbratte Katthammaren ligg 1200 meter over havet og i juni omkom ei svensk kvinne etter eit basehopp her. Dei som står bak stuntet har brukt vekevis på planlegging.

– Dette krev mykje organisering og vi har fått med oss nokon av dei aller flinkaste basehopparane som har planlagt korleis dette kunne gjerast trygt, seier Fadnes.

Espen Fadned

Espen Fadnes trudde ikkje det vart hopping i dag på grunn av veret, så han gjekk ikkje opp på Katthammaren.

Foto: Silje Guddal / NRK

Potensielt kaos

Det kunne ha blitt kaotisk med så mange som skulle hoppe på samstundes, men alle hadde fått nøye instruksar på førehand om kvar dei skulle flyge og kvar dei skulle lande.

Basehopparane har ulikt utstyr og dermed kunne dei trekke skjermen og lande på ulike stadar. Dei med vingedrakter kan flyge heile tre kilometer. Basehopparane vart delt inn i ulike grupper, alt etter erfaring og utstyr.

Ikkje sikkert hoppet vert godkjent

Det er slett ikkje sikkert at Guiness godkjenner stuntet som ein verdsrekord. Kriteriet deira var at alle måtte hoppe innan tre sekund. Det vart for risikabelt, meiner arrangøren.

– Vårt fokus var ikkje på å komme i Guiness rekordbok, men at hopparane skulle ha ei god oppleving og kome trygt ned att på bakken, seier Fadnes. Dersom forsøket vert godkjent likevel, er det ein rein bonus, meiner basehopparen.

Stort miljø

Basehoppmiljøet i Noreg er stort samanlikna med til dømes Sverige. Det finst ikkje noko medlemsregister over basehopparane, men det skal vere mellom 50 og 100 aktive i landet. I tillegg finst det dei som hoppar berre ein gong i blant.

Sidan 1984 har over 40 personar mist livet i basehoppulykker i Noreg.

Lensmannen i Sunndal, Hallvard Vermøy, seier at politiet ikkje sette inn ekstra ressursar i samband med rekordforsøket.

– Det gjekk bra og ikkje ein einaste person vart skadd, seier Hans Holmefjord som no sit på campingen og feirar rekorden.

Basehopparane jubla etter rekorden

Basehopperane jubla etter massehoppet.

Foto: Frode Berg / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL