Hopp til innhold

Vektarar knivstukne ved kjøpesenter i Ålesund

To vektarar er knivstukne i samband med eit tjuveri ved eit kjøpesenter i Ålesund.

Knivstikking på Moa

Politiet har pågripe ein mann i tidleg 30-åra etter at to vektarar vart knivstukne på eit kjøpesenter på Moa i Ålesund tysdag kveld.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Politiet opplyser at gjerningsmannen har knivstukke to mannlege vektarar. Dei to skal ikkje vere alvorleg skadde, den eine er stukken i ein fot og den andre i ei hand. Vektarane er sendt til legevakta.

Politisperring Moa

Vektarane vart knivstukne på anleggsområdet utanfor det eine kjøpesenteret på Moa i Ålesund.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
Innsatsleiar Per Ivar Hovden

Innsatsleiar Per Ivar Hovden fortel at fleire personar var vitne til knivstikkinga.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Klokka 17.26 fekk vi melding om at vektarar sat på ein kar som dei måtte stoppe fysisk i samband med eit tjuveri på Moa Syd. Så kom det fram at det har skjedd ei knivstikking, seier operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidisrikt, Jon Bratland, til NRK.

Mange augevitne

Knivstikkinga skjedde på eit anleggsområde utanfor det eine kjøpesenteret på Moa og svært mange var vitne til episoden.

– Vektarane tok sjølve kontroll på gjerningsmannen før vi kom. Vi har snakka med ein god del vitner, så saka framstår ganske opplagt for oss, fortel innsatsleiar i politiet, Per Ivar Hovden, til NRK sin reporter på staden.

Gjerningsmannen, som er tidleg i 30-åra, er ein kjenning av politiet.

– Kundane kan føle seg trygge

Senterleiar for Amfi Moa, Anne Mari Rødal Kleppe, seier til NRK at dei sette inn fleire vektarar tysdag kveld, slik at dei skulle vere ekstra synlege.

– Dette var sjølvsagt ikkje noko hyggeleg, men kundane kan absolutt føle seg trygge på kjøpesentera på Moa. Vi har 7,8 millionar besøkande i året, så vi kan ikkje ha kontroll over kvar enkelt, men med den tryggleiken vi har kan alle føle seg trygge, seier Rødal Kleppe, som understrekar at slike episodar ikkje er venlege ved kjøpesentera.