– Det er ein veldig stor innsats som vert lagt i det her, seier Morten Nilsen, stefaren til sakna Truls Henrik Johansen.
Det er no litt over ein månad sidan Johansen forsvann på sjøen i Øksnes. Både politiet, redningsskøyta og frivillige leitar framleis etter 23-åringen.
Dei siste vekene har folk frå heile landet engasjert seg i saka. Nokre har kome med pengedonasjonar til utstyr for å leite etter Johansen og andre har vore på sjøen med eigne båtar.
– Det er heilt enormt å sjå korleis samfunnet har stilt opp, seier Nilsen.
Fleire har samla inn pengar
I tillegg til nesten hundre frivillige i joller og fiskebåtar, har engasjerte i saka funne andre måtar å hjelpe til. Eirin Hansen samla inn over 600.000 kroner på under ei veke. Desse pengane vart brukt til kamerautstyr for bruk under vatn.
Kompisen til den sakna, Rudi Mortensen, samla inn ein halv million som vart nytta til ei oppgradering av redningsskøyta «Knut Hoem», slik at redningsaksjonar skal gå endå betre i framtida.
– For oss i familien er det enormt å sjå den oppslutninga rundt Truls sidan dag éin, seier Nilsen.
Håpet lev framleis
Søket etter Truls Henrik står framleis på i Øksnes. Denne veka vart svenske likhundar sett i arbeid i Vesterålen. Nilsen seier han er takksam for dei ressursane politiet etter kvart stilte opp med.
– Det var litt tregt i startfasen, men det har etter kvart kome til betydelege ressursar. Men det lokale engasjementet var på plass frå første time, seier han.
– Vi ønsker at vi får han Truls heim snart.