Hopp til innhold

Trur bråket i Lofoten kan føre til regjeringskrise – slik svarar Vedum

Fylkesleiar i Nordland Sp meiner at det kan bli regjeringskrise om sjukehuset i Lofoten blir langt ned. Likevel vil ikkje partileiaren love at sjukehuset blir freda.

Trygve Slagsvold Vedum er på sjukehuset i Gravdal i Lofoten. Han står i eit møterom framfor fleire sjukepleiarar og ser litt til venstre for kamera. I bakgrunn skimter ein blå fjell og kveldshimmel.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum seier det er viktig å prate med dei tilsette i krevjande situasjonar. Men han vil ikkje garantere at akuttberedskapen ikkje blir lagt ned.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Sjukehuset i Gravdal er det einaste sjukehuset i Lofoten. For eit par veker sida foreslo ei arbeidsgruppe i Helse Nord å degradere nettopp dette sjukehuset til eit distriktsmedisinsk senter.

Med andre ord vil det ikkje vere mogleg å få akuttmedisinsk hjelp om dette blir ein realitet.

Det har ført til store protestar.

Demonstrasjoner utenfor Gravdal sykehus 16 november.

16. november var det store demonstrasjonar utanfor sjukehuset i Gravdal. Det skjedde få dagar etter at det blei klart at arbeidsgruppa anbefalte å gjere sjukehuset om til eit DMS.

Foto: NRK

Måndag kom finansminister og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum til Lofoten.

Sentrale medlemmar i Senterpartiet har tidlegare uttalt seg kritisk mot rapporten. Den elles så lattermilde partileiaren er einig, men gir ingen garantiar.

– Regjeringa er opptatt av å sikre ein trygg og god akuttberedskap i nord, og sikre at Helse Nord også har ressursar til å kunne drive sjukehuset på ein god måte, seier Vedum til NRK.

Parlamentarisk Sp-leiar: – Støtter ikkje sentralisering

Tidlegare i haust sa parlamentarisk leiar Marit Arnstad i Sp, at dei ikkje støtter ein sentralisering av sjukehus.

– Vi trenger trygge forhold for folk i nord når det gjeld akutt- og fødetilbod.

Ho peikte på at totalberedskapskommisjonen har sagt at sjukehus i Nord-Noreg er utruleg viktig i beredskapssamanheng.

Også stortingsrepresentant Siv Mossleth (Sp), som sit også i helse- og omsorgskomiteen, er einig.

− Ingen akutt- eller fødetilbod i dagens vedtatte sjukehusstruktur kan bli kutta, sa ho til NRK tidlegare i november.

Les også Flere partier på Stortinget vil stoppe prosessen i Helse Nord: – Det er absurd

UNN Narvik

Men leiaren for Senterpartiet er ikkje like klar i talen.

– Førebels er det berre snakk om ei arbeidsgruppe. Vi veit enno ikkje kor Helse Nord landar. Det får vi ta når den tid kjem, seier Vedum til NRK måndag.

– Er det dei foreslår god akuttberedskap?

– Det å ha god akuttberedskap i Nord-Noreg er viktig. Difor krev det ekstra ressursar for å sikre eit godt tilbod til den landsdelen som har ganske mykje røft vêr og lange avstandar.

Les også Høygravide Karoline (23) har krav på gratis opphold – fikk beskjed om å punge ut for hotell

Karoline Jæger-Johnsen

Laurdag blei det klart at mange meldar seg ut frå det lokale laget til Arbeidarpartiet i Vestvågøy kommune på grunn av sjukehussaka.

Men fylkesleiar Frank Johnsen i Nordland Sp trur ikkje det same vil skje i Senterpartiet.

– Nei, det fryktar eg ikkje.

frank Johnsen

Leiar for Senterpartiet i Nordland, Frank Johnsen, meiner Senterpartiet sentralt har vore tydelege på kva dei meiner om sjukehusa i distriktet.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Han er ikkje overraska over at Vedum ikkje er tydlegare på om dei vil frede akuttberedskapen i Lofoten.

– Eg forstår det godt. Han er leiar for eit anna departement, og har vore så klar som han kan.

Johnsen seier han har brukt mykje av tida med Vedum måndag på å formidle kor avhengige dei er av sjukehuset.

Eit politisk avgjerd til slutt

Sp-leiaren i Nordland meiner at det kan bli regjeringskrise om sjukehuset i Lofoten blir langt ned.

– Dersom vi ikkje klarer å lande i denne saka, kan det i verste fall bli slik at Senterpartiet går ut av regjering.

Trygve Slagsvold Vedum er på sjukehuset i Gravdal i Lofoten. Han står i eit møterom framfor fleire sjukepleiarar og ser litt til venstre for kamera. I bakgrunn skimter ein blå fjell og kveldshimmel.

– I slike krevjande situasjonar er det viktig å snakke med folk og lytte, seier Vedum på besøk på Gravdal sjukehus i Lofoten.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Vedum vil ikkje vere med på at det kan bli regjeringskrise.

– Dette skal vi løyse. Her er det ei undergruppe i Helse Nord som har kome med sin vurdering. Helse Nord har ikkje landa ennå. Regjeringa brenner for å utvikle heile Noreg, lover Vedum.

– No er det litt støy, men det her skal vi lande trygt og godt og sikre akuttberedskapen.

Les også Sykehuset som reddet livet til Christin og datteren kan forsvinne 

Ekteparet Christin og Benjamin Straum Jakobsen med barna Anna Mariell og Kristoffer.

Lege: – Har framleis håp

Avdelingsoverlege Robert Hammer på medisinsk avdeling i Nordlandssjukehuset Lofoten, seier at hadde ei positiv oppleving av møtet med Vedum måndag.

– Han stod fram lyttande og tok hyppige og gode notat. Det verkar som om han kom for å bli klokare, seier Hammar.

Vedum kom ikkje med lovnader, men overlegen har framleis tru på at sjukehuset kan bli bevart.

Robert Hammer – overlege medisinsk avdeling Nordlandssykehuset Lofoten.

– Viss vi får overtalt Vedum om at vi skal ha sjukehus her og akuttfusjonar, så er vi komne langt på veg, seier Robert Hammer, avdelingsoverlege på medisinsk avdeling i Nordlandssjukehuset Lofoten, seier han framleis

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

– Eg har framleis håp, for det kjem til å bli eit veldig mykje dårlegare tilbod for Lofotens befolkning om dei legg ned akuttberedskapen, seier overlegen.

– Det verkar i alle fall som om han garanterer at han tar det vidare.

– Trur du at Senterpartiet kjem til å bli redninga i denne saka?

– Det kan godt hende at dei blir. Dei har jo vore imot både føretaksmodellen og mange av dei måte ein organiserer helsesektoren på.

Tone Sofie Aglen

Politisk kommentator i NRK, Tone Sofie Aglen, seier i Dagsnytt 18 måndag kveld at årsaka til at Vedum kjem til Lofoten no, er å sende tydelege signal på kva Senterpartiet meiner om saka.

Foto: Ole Kaland / NRK

Politisk kommentator Tone Sofie Aglen i NRK, seier i Dagsnytt 18 måndag at Senterpartiet står friare til å uttrykke seg politisk enn Arbeidarpartiet, som har gitt Helse Nord oppgåva med å sjå på sin arbeidsfordeling.

Difor er det er ein fare for at Arbeidarpartiet vil sitte igjen med «svarteper».

Heller ikkje Aglen er overtydd om at akuttberedskapen på sjukehuset i Lofoten vil bli lagt ned.

– Helse Nord klarer å lese politiske signal, og vil nok ikkje seg sjølv så vondt at dei kjem til å legge fram dette forslaget i styremøtet i januar.

Les også Elin og Mai-Linn skal få betalt hvis de kjører til sykehuset i nabobyen

Hovedtillitsvalgt i Norsk Sykepleierforbund ved sykehuset i Mosjøen, Elin Pettersen og hovedtillitsvalgt i Fagforbundet i Mosjøen, Mai-Linn Ottesen.