Hopp til innhold

Svenske likhundar er på plass for å finne Truls Henrik

Dei same hundane som fann liket til Kim Wall i Danmark er no på plass i Vesterålen. Målet er å finne Truls Henrik Johansen som politiet og frivillige har leita etter i over ein månad.

Likhunden Wirre og førar Christer Lindvall skal finne sakna Truls Henrik Johansen

Likhunden Wirre og førar Christer Lindvall skal finne sakna Truls Henrik Johansen. Bak ligg redningsskøyta Knut Hoem som skal nyttast i søket.

Foto: Kai Jæger Kristoffersen / NRK

Etter over ein månad med leiting er 23-åringen Truls Henrik Johansen framleis ikkje funnen. No har norsk politi henta inn ekstra hjelp frå anerkjende svenske spesialistar.

– Vi håpar vi får ei markering i dag, seier innsatsleiar i politiet i Vesterålen, Jørn Karlsen.

Dei to hundane Wirre og Yngve kom i dag til Øksnes med førarane sine Christer Lindvall og Björn Thorsel. Dette er hundar frå den same eininga som fann den døde journalisten Kim Wall i Danmark i fjor.

Likhunden Wirre og førar Christer Lindvall i lettbåt

– Vi har lettbåtar med eigne plattformer på baugen for hundane. Føraren sit bak og les reaksjonen til hunden, opplyser Karlsen.

Foto: Kai Jæger Kristoffersen / NRK

Leitar so lenge der er håp

Karlsen fortel at politiet ikkje vil bremse søket medan dei framleis har ubesvarte spørsmål, nye opplysningar og området som ikkje har vore leita i enno.

– Den dagen vi ser det ikkje er nye søk å gjere, blir vi ikkje å leite berre for å leite. Då går vi over i ei form for overvakingsfase der vi ein gong i månaden gjer strandsøk, seier Karlsen.

– Men om vi kjem til eit punkt der det ikkje er nye søk å gjere, er ikkje det det same som å setje strek. Vi kjem til å gjere søk utover sommaren og hausten uansett.

Truls Henrik Johansen

Truls Henrik Johansen (23) var fiskar. Etter båten hans kantra for vel ein månad sidan har han vore sakna. Han er no rekna for å vere omkomme. Det er enno ikkje klårt kva som skjedde den natta han forsvann.

Foto: Svein-Arne Nilsen

Har definert eit nytt søksområde

Politiet har bedt dei frivillige som leitar om å halde seg unna området kring Svinøya, ei øy i sundet like utanfor Øksnes. Dette kan vere området der likhundane først vert sett i arbeid.

– Hundane er klarert inn i Noreg, so so lenge vi har ei meining med dei søka vi gjer,

Jørn Karlsen

Innsatsleiar Jørn Karlsen seier dei ikkje kjem til å forlate båtane, sjølv då det ikkje er nye søk å gjere. Leitinga vil då halde fram som jamlege strandsøk.

Foto: Kai Jæger Kristoffersen / NRK

kjem dei til å vere hjå oss. Det er vanskeleg å sei eit sett tal dagar, men vi har dei til vi har fått søkt gjennom dei områda vi føler treng det, seier Karlsen.

Politiet i Sverige har åtte hundar som søkjer etter lik på havet. Karlsen fortel at dei har drive med dette dei siste 25 åra. I Noreg har ikkje Politiet slik kompetanse, og er difor avhengige av å låne personell frå nabolandet.

Svinøya utanfor Øksnes