Dåverande kronprins Harald møtte Sonja Haraldsen frå Oslo i 1959. Forholdet måtte haldast hemmeleg, for det var kontroversielt at kronprinsen ville gifte seg med ei kvinne av folket. Mange frykta for framtida til monarkiet om det skulle skje.
Kronprins Harald var ein ettertrakta ungkar i dei europeiske kongehusa. Og kong Olav håpa i det lengste at sonen skulle finne seg ei prinsesse. Først etter ni år gav konge, regjering og storting etter, og gav dei to løyve til å forlove seg.
I programserien som blei laga i forbindelse med at dei hadde vore konge og dronning i 25 år i 2016, fortalde kong Harald at det var ni vanskelege år for det unge paret.
– Eg hadde veldig blanda kjensler. For eg var både glad i Sonja Haraldsen, men eg hadde også dårleg samvit overfor faren min og Noreg.
Hemmelege møter
Barndomsheimen til Sonja i Tuengen Allé på Vinderen i Oslo blei ei frihamn. Mora til Sonja, Dagny Haraldsen, lét dei to ha hemmelege møter der. Ho lova å ikkje snakke med andre enn Vår Herre om dei to.
– Mor var veldig roleg, og tok ei utfordring på strak arm. Ho var ei svært klok dame. Og ei god støtte. Ho hadde nok spesielle, gode genar for å ta situasjonen, sa dronning Sonja seinare om desse hemmelege møta.
- Les:
Til slutt seier kronprins Harald til faren at han heller går ugift om han ikkje får gifte seg med Sonja. Og etter at å ha søkt råd hos regjeringa, kom kunngjeringa i mars 1968 om at kronprins Harald og Sonja Haraldsen hadde inngått forloving.
Opnar barndomsheimen
I 2016 starta arbeidet med å flytte barndomsheimen til dronning Sonja frå Oslo til Maihaugen på Lillehammer. Funkisvillaen skal representere arkitekturen frå 1930-talet. Huset skulle rivast, men museet fekk overta huset og innlemme det i samlinga si.
Maihaugen arbeider med å gjenskape huset slik det var innvendig på 1960-talet, seier konservator Else Braut ved Maihaugen.
– Vi har overteke mange møblar frå familien. I stova kjem ei stor bokhylle og salongen vi kan sjå på foto frå forlovinga. Og spisestova som kom til huset då det var nytt, blir restaurert og ført tilbake slik det var.
Huset opnar for publikum i august. Då er det femti år sidan bryllaupet mellom kronprins Harald og Sonja Haraldsen. Men etter at storstilte feiringar av 25 år på trona i 2016 og 80-årsdagar i fjor, blir gullbryllaupet til kongeparet ei privat markering med familien.