Hopp til innhold

– Alle bør leige ut hytta si

Organisasjonen Norsk Friluftsliv fryktar at hyttebygging vil øydelegge norsk natur, og ber hytteeigarar om å leige ut hyttene sine når dei ikkje brukar dei sjølve.

Hytte i Fageråsen i Trysil

LUKKA OG LÅST: Norske hytter blir i snitt brukt 49 dagar i året. Organisasjonen Norsk Friluftsliv meiner eigarane har ei moralsk plikt til å leige ut. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Solveig Vikene / NTB scanpix

Påskeferien er over, skiene er sett i boda og hyttefolket har forlate fjellheimen.

Generalsekretær Lasse Heimdal i Norsk friluftsliv

LEIG UT HYTTA: Oppfordringa er klar frå generalsekretæren i Norsk Friluftsliv, Lasse Heimdal.

Foto: Norsk Friluftsliv

– Det er ganske mange hytter i Noreg som no blir låst, og kanskje ikkje opna igjen før neste vinter.

Det seier Lasse Heimdal, som er generalsekretær i Norsk Friluftsliv, til NRKs aktualitetsmagasin Her og Nå.

Her i landet finst det om lag 430.000 hytter. I snitt blir desse brukt 49 dagar i året. Dei resterande 316 dagane bør nokon andre få moglegheit til å bruke dei, meiner organisasjonen.

– Hytteutbygging raserer norsk natur

Aldri før har så mange nordmenn kjøpt hytte

– Eg meiner folk har ei moralsk plikt til å tenke gjennom om det er andre som kan ha glede av å bruke hytta, når dei ikkje bruker henne sjølve, seier Heimdal.

Kvart år bygger vi mellom 3000 og 7000 hytter i Norge. Heimdal meiner vi ikkje har bruk for alle desse, og at vi legg beslag på store naturområde fordi hyttene også skal ha vegar, vatn og kloakk.

Heimdal forstår at utlån eller utleige ikkje passar for alle, men trur det er mange fleire som kunne gjort det.

– Det står hytter til milliardar av kroner ubrukte store delar av året. Det er nok mange som kunne hatt glede av å bruke dei.

Full gass og afterski – her er planane for Sogndalsdalen

Frp vil gi hytteeierne mer makt

Trivst med utleige

– For oss er dette eit paradis! Også på sommarstid er det veldig triveleg med sau som går rundt her på beite, forklarar Eunike Ravneng Bakke.

Ho er ei av dei heldige. Familiehytta frå 70-talet ligg på fjellet, eit stykke unna dei store hyttefelta på Sjusjøen. Men oppkøyrde skiløyper ligg praktisk nok rett bak boda.

For å ha råd til å behalde hytta leiger ho ut til vener og andre interesserte. Ho seier at det er enkelt å ha kontroll på det praktiske.

– Eg har laga ein perm med all informasjon om kva du må gjere når du kjem, og når du går. Nøkkelen kan folk hente og legge frå seg i ein boks med kodelås på utsida.

Ravneng Bakke seier ho har vore veldig heldig med gjestene.

– Det er fint med folk som veit å ta vare på ting og er forsiktige. Det er berre hyggeleg å kunne dele litt på goda, konkluderer ho.

Kommunane sitt ansvar

Mathias B. Dannevig i Norges hytteforbund er positiv til at folk leiger ut, men meiner det er feil at dei er moralsk forplikta til det.

Mathias B. Dannevig

Mathias B. Dannevig meiner at hytteeigarar ikkje er moralsk forplikta til å leige ut hyttene sine.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Han meiner også det er feil å skuve ansvaret over på den enkelte hytteeigar. Nedbygging av sårbar natur skjer fordi enkelte kommunar berre tenker på inntektene frå eigedomsskatt på hytter, ifølge Dannevig.

– Det er ikkje mangel på plass i Noreg, men nokre plassar er hyttebygginga overdriven. Det er kommunane sitt ansvar at det har blitt slik, seier han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger