Hopp til innhold

Attskapte rosehavet utanfor Oslo domkyrkje

Det var eit massivt rosehav utanfor Oslo domkyrkje i 2011. I dag, sju år seinare, oppfordra Tom Kristian Berger folk via eit Facebook-arrangement til å attskape rosehavet.

Vida Sofia Henri-Contreras

Sju år gamle Vida Sofia Henri-Contreras meiner det er viktig å vise omtanke til dei etterlatne.

Foto: VILDE MIDTBØ ULSTEN / NRK

Gjennom eit Facebook-arrangement inviterte Tom Kristian Berger folk til å vere med på å attskape rosehavet utanfor Oslo domkyrkje.

– Sjølv om det er lenge sidan, så er det ein dag som sit sterkt i meg. Eg får ein klump i magen når eg legg ned blomar, fortel Berger til NRK.

22 juli 2018

«For alle falne kameratar. Ikke ett minutts stillhet, men et liv i kamp!»

Foto: Vilde Midtbø Ulsten / NRK

Han var sjølv i Oslo under 22. juli 2011.

– Eg såg og høyrde det då det smalt. Det var ein dramatisk dag i Oslo.

Som eit motsvar til hatet

Berger har lagt ned blomar utanfor Oslo domkyrkje 22. juli kvart år etter terrorangrepet.

– Eg er oppteken av å vise medkjensle for dei etterlatne etter terrorangrepet.

Tom Kristian Berger

Tom Kristian Berger arrangerte årets attskaping av rosehavet. Han har sjølv lagt ned roser her kvart år sidan terrorangrepet.

Foto: Vilde Midtbø Ulsten / NRK

Fleire av dei overlevande etter 22. juli fekk drapstruslar i kjølvatnet av Listhaug-debatten tidlegare i vår.

Ønsket om å vise støtte til dei var årsaka til at Berger ønskja å attskape rosehavet frå 2011, då tusenvis av roser og helsingar vart lagt ned utanfor Oslo domkyrkje.

Oslo sørger

Tusenvis av menneske møtte opp utanfor Oslo Domkyrkje etter terrorangrepet 22. juli 2011 for å sørge saman.

Foto: Olav Njaastad / NRK

– Dei etterlatne må få sørge over tapet av vennane sine, men så er det nokon der ute som ønskjer dei døde. Det er fælt å sjå kor dårleg dei har blitt behandla, så dette arrangementet er gjort av rein empati.

– Det er viktig å ikkje gløyme

August Tekrø kjenner fleire av dei overlevande etter terrorangrepet.

– Det er viktig å ikkje gløymne. Det er ikkje nok med eitt minutt med stillheit, vi må ha eit liv med kamp mot ekstremisme og radikale krefter, seier Tekrø.

22. juli roser

August Tekrø la ned roser utanfor domkyrkja sundag kveld for å minnast dei drepne.

Foto: VILDE MIDTBØ ULSTEN / NRK

Sju år gamle Vida Sofia Henri-Contreras la ned kvite roser og ei sjølvlaga teikning med teksten «Oslove».

Ho tykkjer det er viktig å minnast dei etterlatne etter angrepet som skjedde like etter ho vart født.

– Då eg var liten var det ein mann som gjorde at mange folk døydde. Det er trist, fortel Vida.

AKTUELT NÅ