Hopp til innhold

Åtvarar mot useriøse dekkskift-verkstader

Arbeidstilsynet og Vegvesenet åtvarar bilistar mot å bruke useriøse verkstader når dei skal skifte dekk på bilen. – Betal med kort og be alltid om kvittering, er oppmodinga.

A-krim har Oslo har aksjonert mot bilpleieverksemder i Oslo og Akerhus. Dekkverkstader har stått i fokus.

VIDEO: Omfattande aksjon mot useriøse verkstader.

A-krim Oslo har dei siste dagane gjennomført ein omfattande aksjon mot bilpleiebransjen, og denne gongen har det vore spesielt fokus på dekkskifte. På denne tida av året dukkar det opp verkstader som tilbyr dekkskift, og mange av dei manglar godkjenning frå Vegvesenet.

Torbjørn Seljevoll, kontorsjef i Tilsynsseksjonen i Statens vegvesen, meiner det er mange grunnar til å halde seg unna slike verkstader.

Manglar kompetanse

Torbjørn Seljevoll.

Torbjørn Seljevoll er kontorsjef i Tilsynsseksjonen i Statens vegvesen.

Foto: NRK

– Dei fleste vi har sett på er ikkje kompetente til å drive med dette. Det kan føre blant anna til at hjulmutterane blir festa anten for laust eller for fast. Begge delar kan føre til at hjulet dett av i fart med alt det kan føre med seg. Det går også føre seg grov utnytting av utanlandsk arbeidskraft, og vi har registrert timelønn ned til 15–20 kroner i timen, seier han til NRK.

Han fortel at dei også har sett eksempel på dekk som blir sette på feil veg. Fleire verkstader har mangla utstyret som trengst for å skifte dekk på ein skikkeleg måte, eller at dei ikkje tek seg tid til å bruke det rette utstyret.

– Det er viktig å hugse på at bileigar til ei kvar tid er ansvarleg for å køyretøyet er i godkjent stand. Det at dekka er monterte på ein skikkeleg måte er inkludert i dette ansvaret, seier Torbjørn Seljevoll.

Kontroll av dekkverkstad.

Arbeidstilsynet har gått til aksjon mot fleire dekkverkstader dei siste dagane.

Foto: NRK

Stengde fire verkstader

Hittil i aksjonen mot bilpleiebransjen i Oslo og Bærum er 33 verksemder kontrollerte. 15 personar er viste bort på grunn av manglande arbeidskontraktar eller arbeid på ulovlege verkstader.

Fire verkstader er stengde etter å ha drive ulovleg.

På seks av verkstadene har politiet plombert omleggingsutstyr for dekk med påbod om at det ikkje skal brukast før det ligg føre ei godkjenning frå Vegvesenet.

Bjørn Marhaug.

Bjørn Marhaug er koordinator for A-krimsenteret i Oslo.

Foto: NRK

Det er gitt rundt 150.000 kroner i rettsgebyr for manglande føring av personallister. Arbeidstilsynet har gitt fleire pålegg, blant anna på grunn av usikra arbeid og manglande arbeidsavtalar.

NAV jobbar vidare med ei sak om mogleg trygdesvindel.

– Fuck Arbeidstilsynet! Aldri fortell sannheten til dem!

– Vi ble glemt av Arbeidstilsynet

– Be alltid om kvittering

Koordinator for A-krimsenteret i Oslo, Bjørn Marhaug, åtvarar også mot å bruke useriøse verkstader til dekkskift. Han ber alle hugse på at om eit tilbod verkar å vere for godt til å vere sant, så er det som oftast det.

– Som kunde bør eine alltid be om kvittering, og betalt med kort. På den måten er publikum med på å bidra til likare konkurransevilkår, og det blir vanskelegare for dei useriøse aktørane å ikkje betale skatt, seier han til NRK.

Han minner også om at dei som nyttar seg av svart arbeid, kan bli medansvarleg. Og om arbeidet ikkje er bra nok, og det skjer noko med bilen, så er det ikkje så mange instansar å klage til.

Det skjulte samfunnet

AKTUELT NÅ