Hopp til innhold

Bustadprisane for mai steig med 1 prosent

Ny bustadprisrekord på landsbasis. Dette er fjerde månaden på rad det er prisvekst.

Eiendom Norges legger fram boligprisstatistikk for mai 2018

DIREKTE: Utviklinga i bustadprisane for mai.

I april steig prisane med 1,8 prosent, i mai var auken 1 prosent.

2,3 prosent fleire bustader vart lagt ut for sal i mai 2018 enn i mai 2017. Dette er den kraftigaste veksten Eiendom Norge har målt.

Dette kom fram då Eiendom Norge la fram bustadprisstatistikken for mai 2018.

Regionale tal

I Oslo har prisane dempa seg noko, og det er selt 4,4 prosent færre bustader denne maimånaden enn i fjor. 2 228 bustadar vart lagt ut for sal, noko Dreyer ser på som normal aktivitet. 8 000 bustader vart selt.

– Oslomarknaden er god balansert, men prisane i Oslo dei siste fem månadane, men dette vil nok endre seg, seier Dreyer.

I Trondheim var det ei auke på 0,5 prosent, dette er ei endring på -0,2 prosent.

I Bergen var det ei auke på 0,6 prosent, som svarar til ei endring på -1,1 prosent.

Stavanger opplevde ei prisutvikling på 1,3 prosent. Det er noko stabilt gjennom mai, og normalt tal bustader er selt.

– Vi ser ein meir balansert situasjon i Stavanger enn i Bergen og Trondheim, seier Dreyer.

Sterk bustadprisutvikling

Prisane steig over heile landet. For første gong sidan hausten 2017 er tolv månader veksten positiv over heile landet.

– Vi må tilbake til 2007 for å finne ein månad det vart lagt ut fleire bustader til sals enn i mai i år, seier Dreyer.

AKTUELT NÅ