Hopp til innhold

Kjærasten takkar Ari Behn

Ebba Rysst Heilmann (34), som var kjærasten til Ari Behn, takkar på Instagram for at ho fekk lov til å vere nær han.

Ebba Rysst Heilmann og Ari Behn

Kjærasten til Ari Behn, Ebba Rysst Heilmann, la laurdag ut ei siste helsing på Instagram.

Foto: Privat

Ebba Rysst Heilmann la laurdag kveld ut eit innlegg på instagramprofilen sin, som NRK har fått lov til å gi att. Her takkar ho for den tida ho fekk saman med forfattaren.

«Jeg er alltid hos deg, min elskede Ari. Og jeg vet du er sammen med meg resten av livet og passer og heier på meg til vi ses igjen. Jeg vet du tok vare på meg til siste slutt. Jeg er evig takknemlig for at jeg fikk være så nær deg».

I innlegget på Instagram skriv Ebba Rysst Heilmann vidare:

«Jeg skal gjøre alt jeg lovet deg å gjøre som du fikk meg til å tro at jeg kan. Jeg skal skrive så blekk og tårer spruter. Tusen takk til alle som passer på meg. Jeg er evig takknemlig for all støtte», skriv ho.

Ari Behns manager, Geir Håkonsund, seier til NRK at Rysst Heilmann ikkje har fleire kommentarar utover det som står i innlegget hennar.

Familien takkar

I dagane som har gått etter at det blei kjent at Ari Behn var død, er det mange som har villa minnest forfattaren og kunstnaren.

Folk har tent lys på Slottsplassen, det har vore lagt ut kondolanseprotokollar fleire stader. Blant anna på Theatercafeen, der Behn fekk portrettet sitt på veggen i 2016.

Søndag kveld blir det også arrangert fakkeltog for Behn i heimbyen Moss. Fakkeltoget kan du se direkte:

Familien til Behn takka i romjula for all støtta og kondolansane dei hadde fått, og at sa at det varma å sjå at sonen hadde betydd så mykje for så mange.

Blir bisett i Oslo

Ari Behn blir bisett i Oslo fredag 3. januar frå Oslo Domkirke, og seremonien vil vere open for alle.

Han blir ikkje gravlagd på statens rekning, men Statsministerens kontor seier til TV 2 at regjeringa vil heidre kunstnaren ved å vere representert i gravferda dersom familien ønsker det.

Behn gifte seg med prinsesse Märtha Louise i 2002, men paret skilte lag i 2016. Paret har tre døtrer saman.

Kong Harald og dronning Sonja har uttrykt stor sorg over at den tidlegare svigersonen har gått bort. Også fleire av vennane hans er i djup sorg etter bortgangen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger