Hopp til innhold

Kona til Kim Jong-un blir førstedame

Nord-Koreas leiar Kim Jong-un har gitt kona si tittelen førstedame. Ein ekspert seier det løftar statusen hennar før toppmøta med Sør-Korea og USA.

Ri Sol Ju, Kim Jong Un

Seks år etter at Kim Jong-un vart leiar i Nord-Korea gir han kona Ri Sol-ju tittelen førstedame.

Foto: AP

Ri Sol-ju har stått ved sida av ektemannen Kim Jong-un under fleire offisielle hendingar, men i førre veke hadde ho sitt første oppdrag åleine, under ei ballettførestilling med kinesiske dansarar.

Ri Chun-hee

Kvar gong regimet i Nord-Korea har store nyhende å kunngjere til folket er det Ri Chun-hee som dukkar opp på skjermen.

Foto: Handout / AFP

Statleg medium i det lukka regimet omtalte henne då som «den respekterte førstedama». Det er første gong tittelen er blitt brukt på 40 år, og den kjem med eit ekstra adjektiv som vanlegvis er reservert for leiaren i landet.

Den mest kjende nyhendeankaren i Nord-Korea, Ri Chun-hee, som ofte er på plass ved store kunngjeringar, fortalde nyhenda. Kledd i ei rosa drakt vart Ri følgd av offisielle tenestemenn som ofte blir sett med Kim eller den yngre søstera hans Kim Yo-jong.

Kim Yo-Jong

I fjor vart Kim Yo-jong, systera til leiaren i Nord-Korea, forfremma og fekk ei sentral plass i politbyrået, der alle dei viktige avgjerdene vert tekne.

Foto: AFP

– God marknadsføring

Ekspertar seier forfremminga truleg er ein del av eit forsøk på å vise fram Nord-Korea som eit «normalt land» i førebuingane til toppmøtet med Sør-Koreas president Moon Jae-in neste fredag og møtet med USAs president Donald Trump.

Å forfremme Ri Sol-ju er den mest effektive marknadsføringsstrategien, seier An Chan-il, ein nordkoreansk avhoppar som også er leiar for World Institute for North Korea Studies.

– Toppmøtet vert halde som likeverdige, så dersom Melania Trump deltek, vil Ri delta, seier han.

Noreg kan bli vert for møtet

Oslo er ein av byane som blir vurderte som ein mogleg stad for toppmøtet mellom president Trump og Nord-Koreas leiar Kim Jong-un i mai, melder CNN. Andre europeiske byar som vert vurderte er Stockholm, Helsinki, Genève, Warszawa og Praha.

Onsdag stadfesta Trump på Twitter at det allereie har vore eit møte mellom CIA-sjef Mike Pompeo og Kim Jong-un i førre veke.

– Dei kom svært, svært godt overeins, sa Trump på pressekonferansen onsdag kveld.

Der sa han også at han vil gjere «alt som står i hans makt» for at det kommande toppmøtet vert ein «verdsomspennande suksess».

Donald Trump, Shinzo Abe

President Donald Trump seier at han vil gjere alt for at møtet med Nord-Korea blir ein suksess. Samtidig seier han at om møtet med Kim ikkje er fruktbart, vil han ærbødig forlate samtala.

Foto: Lynne Sladky / AP

SISTE NYTT

Siste nytt