Hopp til innhold

Frå turboprins til mosjonskonge

Kronprins Frederik er framleis glad i fart og fest. Men «turboprinsen» har for lengst bytta ut nattelivet med hardtrening. I dag ble 50-åringen hyllet på Amalienborg.

Tre ganger måtte 50-åringen vise seg for de mange titusen som hadde møtt fram på Amalienborg i København

«Fri oss frå Frederik som konge», stod det på Ekstra Bladets framside i januar 1992.

Danmarks neste monark hadde starta året på politistasjonen saman med kjærasten. Dei hadde køyrt rusa frå ein nyttårsfest, med henne, som ikkje hadde førarkort, ved rattet.

Fire månader seinare stilte kronprins Frederik på startstreken på København Maraton. Han «løb seg til respekt. Og selvrespekt,» skriv Berlingske Tidende denne veka om vendepunktet.

Kronprins Frederik løp sitt første maratonløp i 1992

«Pain is only weakness leaving the body» står det på t-skjorta kronprins Frederik hadde på seg da han gjennomførte sitte første maratonløp i 1992.

Foto: MINI WOLFF / Ritzau Scanpix

Royal Run

Måndag snørte 70.500 danskar på seg joggesko og la ut på gateløp saman med sin neste konge. Kronprins Frederik hadde invitert til gateløp i fem danske byar. Han ville slå eit slag for mosjon på 50 årsdagen sin og arrangerte Royal Run.

Sjølv trassa han ryggproblem og sprang med folket i Aalborg, Aarhus, Esbjerg, Odense og København.

– Eg er glad for å ha gjennomført, smilte han måndag kveld etter 10 kilometer gjennom Københavns gater.

Med Royal Run ville kronprinsen inspirere folk til å utfordre seg sjølv og nå personlege sigrar. Slik maratonløp har gjort for han.

I Norge har han deltatt i kongelige dueller med Norges kronprins Haakon i Birkebeinerrennet.

HISTORISKEBILDER

PARTYPRINS: Kronprins Frederik var kjend for sin utsvevande livsstil da han var ung. Bildet er tatt i anledning dronning Margrethes 50-årsdag. Frå v; prins Joachim, kronprins Frederik, dronning Margrethe og prins Henrik.

Foto: Ntb / NTB scanpix

– Livet var over

Den unge kronprins Frederik strevde lenge med rolla han var fødd til. I ein dokumentar laga av dansk TV2 til 50-årsjubileet fortel han at han at tanken på at han ein gong skal overta trona etter mor, dronning Margrethe, skapte frykt.

Prince Frederik og foreldre

EIN FRAMTIDIG KONGE: Kronprins Frederik foran kamera saman med Dronning Margrethe av Danmark og prins Henrik, – uvitande om at han ein gang skal bli konge.

Foto: Scanpix / NTB scanpix

Kronprinsen om kongetitlen: - Mit liv blev slukket – Ekstra Bladet

– Å vere utpeika på førehand til å overta eit land var litt mystisk for meg. Då eg fylte 18, var eg svært usikker. Eg tenkte på at livet mitt var over. Eg skulle plutseleg oppføre meg som ein vaksen. Samstundes kunne ingen fortelje meg kva eg skulle gjere eller korleis.

No gir han sin son, 12 år gamle arveprins Christian, den kongelege opplæringa han sjølv ikkje fekk.

– Når sonen min spør, deler eg av mine erfaringar. Eg seier til han at han ikkje skal vere redd, for det var eg, seier kronprinsen i TV2-dokumentaren.

Kronprins Frederik, Prins Joachim

FØRSTE SKOLEDAG: Kronprins Frederik og prins Joachim etter første skoledag på Krebs Skole på Østerbro, 30. august 1976.

Foto: Scanpix / NTB scanpix

– Den man elskar, tukter man

Kronprins Frederik vekte oppsikt med talen han heldt til foreldra sine då dei feira sølvbryllaup i 1992.

HISTORISKEBILDER

STRENG OPPDRAGING: Faren, prins Henrik, skal ha gitt kronprins Frederik og broren prins Joachim ein svært streng oppdraging. Her saman med dronning Margrethe i anledning kong Olavs 75-årsdag

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix

– Pappa, det blir sagt at den man elskar, tukter man. Vi har aldri tvilt på din kjærleik, sa kronprinsen og såg bort på faren, prins Henrik.

Talen blei tolka som eit hint til den strenge oppdragelsen han og broren, prins Joachim, hadde fått. Prins Henrik, som gjekk bort i februar, forsvarte si strenge linje og sa at kronprins Frederik forstod at ein som ventar mykje av barna sine også er svært hard mot dei.

50 år

Kronprins Frederik passerer 50 som firebarnsfar, respektert tronarving og erfaren maratonløpar. Harde langløp har blitt hans fristad. Der er han ikkje kronprins, berre Frederik.

Kongelig dåp

FAR TIL FIRE: Kronprinsesse Mary og kronprins Frederik blei foreldre til tvillingar, ei prinsesse og ein prins, som blei fødd 8. januar 2011.

Foto: Keld Navntoft / NTB scanpix

– Ein maraton kan berre gjennomførast av personen sjølv og utan noko som helst hjelpemiddel, seier han i biografien «Under bjælken» som kom ut i fjor og som er skriven av Jens Andersen.

I kveld glitrar europas kongelege om kapp på gallamiddag på Christiansborg slott til ære for Danmarks neste konge.

Turboprinsen som vart løpekonge og vann folkets respekt.

Historiskebilder

TO PRINSAR PÅ SKI: 1. mars 1979 var den norske kronprinsfamilien på vinterferie i Gausdal saman med Danmarks dronning Margrethe og prinsane. Prins Haakon Magnus får her litt hjelp av kronprins Frederik i den høge snøen.

Foto: Svein Hammerstad / NTB scanpix
Den danske tronarvingen fyller 50 år

SISTE NYTT

Siste nytt