Du har sikkert sett annonsen, enten i form av ein video eller ein stor plakat. Bodskapen er den same. Teksten er enkel: Velkomen til Noreg, landet med midnattssol og klamydia. Videoen viser vakre bilete av norske fjell og fjordar, med Griegs musikk som ei perfekt lydkulisse.
Alt tyder på at dette er ein ny, tradisjonell reklamesnutt der den vakre naturen vår står i fokus. Heilt til siste tekstline kjem opp. Underforstått: Pass deg for dei lokale innbyggjarane, dei kan gi deg klamydia.
– Skal svi litt
Det er butikkjeda Seven Eleven som står bak annonsekampanjen, der det viktigaste målet er å få fleire til å kjøpe kondom i butikkane deira.
For, som dei seier, berre Danmark og Island har høgare førekomst av kjønnssjukdomen klamydia enn Noreg.
Det er Reitangruppen som eig Seven Eleven-butikkane her i landet. Kommunikasjonsansvarleg i Reitan Convenience, Thea Kjendlie, seier til bransjebladet
at det er meininga at annonsekampanjen skal svi litt i den nasjonale sjølvkjensla.– Humoristisk verkemiddel
Ho seier at det tidlegare er gjort forsøk på å få nordmenn til å bruke meir kondom, men at mykje tyder på at det er vanskeleg å få dei til å høyre etter når ein skakkar til dei. Derfor har dei no prøvd å få fram bodskapen ved å snakke om nordmenn til utlendingar.
– Ved å åtvare turistar mot nordmenn, er tanken å få merksemd på ein måten som kanskje svir litt i den nasjonale sjølvkjensla. Nasjonalromantikken er brukt som eit humoristisk verkemiddel for å få fram bodskapen i kampanjen, seier Thea Kjendlie til Kampanje.
Mange har reagert på at dette er det første utanlandske turistar blir møtte med når dei kjem til Gardermoen eller Oslo S.
Tidlegare kondom-kampanjar
Den populære talkshowverten John Oliver brukte god tid på annonsekampanjen i siste utgåve av «Last Week Tonight», der han har eit humoristisk tilbakeblikk på veka som gjekk. Han raljerte i kjent stil, og gjekk også tilbake i tid til tidlegare norske kampanjar for auka kondombruk.
I programmet på HBO blir også ein reportasje om reklamekampanjen
har laga, brukt. Her intervjuar dei fleire norske om korleis dei reagerer på kondomkampanjen.Talkshowet vart sendt søndag kveld amerikansk tid.