Hopp til innhold

Ny rapport: Nordmenn er splitta i synet på innvandring

Integreringsbarometeret 2018 syner at nordmenn har blitt meir positive til å ta imot flyktningar med behov for beskytting, men eit stort fleirtal meiner at integreringa fungerer dårleg. – Heile befolkninga må bidra om vi skal lukkast, seier direktøren i IMDi.

Flyktninger på Storskog

Nordmenn er meir positive til å ta imot flyktningar, syner fersk rapport. Her frå grenseovergangen på Storskog.

Foto: Amund Trellevik / NRK

NRK presiserer: I ein tidlegare versjon av denne saka opplyste NRK at nordmenn er blitt litt mindre skeptiske til innvandring. Dette var upresist. Rapporten viser at nordmenn er blitt meir positive til å ta imot flyktningar med behov for beskytting.

På oppdrag frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), har Institutt for samfunnsforsking (ISF) lagt fram ei haldningsundersøking om innvandring.

Rapporten vart presentert av Jan-Paul Brekke og Ferdinand Mohn, forskarar ved ISF og forfattarar av rapporten.

Integreringsbarometeret 2018 er basert på ei spørjeundersøking gjort seinhausten 2017. Eit utval på 3000 av den norske befolkninga deltok i undersøkinga.

Jan-Paul Brekke

Jan-Paul Brekke har leia arbeidet med årets integreringsbarometer.

Foto: Alf Ivar Martinsen / NRK

Splitta meiningar om innvandringsspørsmål

I rapporten svarer 35 prosent av dei spurte at Noreg bør ta imot fleire asylsøkarar. Fire av ti vil ha færre asylsøkarar.

Men om ein spør om Noreg bør ta inn fleire eller færre innvandrarar enn det blir gjort no, splittast befolkninga:

  • Tre av ti meiner at Noreg bør ta imot fleire innvandrarar enn i dag
  • Tre av ti synest vi skal ta imot like mange som vi allereie gjer
  • Fire av ti meiner vi bør ta inn færre

Positive til flyktningar med behov for beskytting

I rapporten kjem det fram at ei «svak overvekt» av befolkninga ønskjer færre asylsøkarar.

Men når respondentane blir spurt om «Noreg bør ta imot fleire flyktningar som har behov for beskytting», svarar over 60 prosent at Noreg bør ta imot fleire i denne kategorien.

Dette er det høgaste talet målt av ISF sidan dei byrja undersøkinga i 2005. Sist undersøkinga vart gjort, var i 2014. Då var 55 prosent positive.

Undersøkinga er utført åtte gonger dei siste tolv åra.

Forfattarane bak rapporten understrekar at det sistnemnde spørsmålet «er den mest positive måten ein kan stille spørsmålet om synet på omfanget av innvandring på».

Sidan 2014 har kommunar i Noreg teke imot og busett meir enn 45 000 flyktningar.

Splittar befolkninga

Når det kjem til integrering, er nordmenn meir skeptiske. Berre to av ti synest integreringa går bra. Nær halvparten av dei spurte i undersøkinga er kritisk til integrering.

Ifølgje Rieber-Mohn syner dette at integrering både tek tid og er utfordrande. Målet er at barn av innvandrarar opplev like moglegheiter og blir sett på som ein del av fellesskapet.

– Integrering er ikkje noko «quick fix».

Libe Rieber-Mohn

Ifølgje direktør i IMDi, Lise Rieber-Mohn, er det integrering som er den største utfordringa.

Foto: Bjurn Avlesen

Regjeringa har tidlegare varsla eit integreringsløft, der det er retta krav til både innvandrarar og kommunane i landet.

– Heile befolkninga må bidra om vi skal lukkast. Vi må ha fleire møtestader og fellesarenaer, seier Rieber-Mohn.

– Mykje blir betre med tida

Trass i skepsis til integreringsmodellen, er det også mange som er positive. Seks av ti meiner at forholdet mellom innvandrarar og resten av befolkninga vil bli betre over tid, syner rapporten.

Rieber-Mohn er optimistisk over funna.

– Mykje blir betre med tida. Men vi har utfordringar vi må ta tak i om vi skal lukkast med integreringa.

Det viktigaste for Rieber-Mohn er at innvandrar lærer seg norsk og kjem ut i arbeid.

SV er mest positiv til innvandring

I rapporten kjem det fram at SV er det partiet som er mest positive til innvandring, der 74 prosent svarer at innvandring er bra.

– Frp er det partiet som er minst positive til innvandring i Noreg. Fem prosent er positive, medan 74 prosent meiner innvandring er dårleg, seier Jan-Paul Brekke.

AKTUELT NÅ