Hopp til innhold

Prisauke på hurtiglading av elbilar skapar reaksjonar

Elbilforeininga reagerer sterkt på ein prisauke på 60 prosent på hurtiglading ved 35 ladestasjonar. Årsaka er liten bruk av ladestasjonane.

Hurtigladere

Hurtiglading blir dyrare på ein del ladestasjonar i Hedmark, Vest-Agder og Rogaland. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Peter Tubaas, ABB

Det er snakk om 35 ladestasjonar på to strekningar. Det er riksveg 3 mellom Rena og Kvikne i Hedmark, og den andre er E39 mellom Mandal i Vest-Agder og Ålgård i Rogaland.

– Årsaka til prisauken er at få brukar ladestasjonane. Vi tapar pengar når nokon hurtigladar der. Vi jobbar for ein overgang til utsleppsfri trafikk, men vi kan ikkje tape pengar. Derfor aukar vi prisane, seier kommunikasjonssjef Stian Mathisen i Fortum Charge and Drive til NRK.

Tidlegare har det kosta 2,50 kroner pr. minutt for hurtiglading, men no er prisen sett opp til 4,00 kroner pr. minutt.

Effekttariffen

Petter Haugneland

Petter Haugneland er kommunikasjonsleiar i Norsk Elbilforening.

Foto: Norsk elbilforening

Og årsaka til at Fortum tapar pengar på ladinga, er den såkalla effekttariffen. Hurtiglading krev høg effekt, og tariffen er innretta slik at dette også gir høg avgift til nettselskapet. Elforeininga meiner innretninga på tariffen er gammaldags og ikkje tilpassa den nasjonale dugnaden som overgangen til elbil er.

Og avgifta er like høg uavhengig av å ladaren blir brukt 25 gonger i løpet av ein dag eller fem gonger i løpet av ein heil månad.

– Vi har peika på innretninga i effekttariffen i lang tid. Andre aktørar som Zero, Efo og NELFO har også vore kritiske til innretninga på nettariffen, seier kommunikasjonsleiar i Norsk Elbilforening, Petter Haugneland.

Elbil-salget mot nye høyder

Vil gi borettslag ladetilskudd

– Dyrare enn fossilt drivstoff

Reint konkret meiner elbilforeininga at tariffane må endrast slik at hurtigladestasjonar som ikkje blir brukt så ofte i starten, ikkje går i minus på grunn av høge faste kostnader.

Han seier at med ein prisauke på 60 prosent, så blir det dyrare å lade elbilen enn å fylle bensin eller diesel ein del stader. Han er sterkt kritisk til at det blir dyrare å hurtiglade bilar i område av landet der utviklinga heng etter frå før.

Stian Mathisen seier han ikkje kan gå god for utrekninga til elbilforeininga, men minner om at det aller meste av lading skjer heime i garasjen.

– Der kostar det langt mindre enn på ladestasjonane, og såleis vil det framleis vere langt billegare med elbil enn bilar med fossilt drivstoff, seier han til NRK.

Elektrisk, hybrid, bensin eller diesel?

AKTUELT NÅ