Hopp til innhold

Slik var konflikten mellom Navarsete og Moe

Den grove meldinga til Liv Signe Navarsete vart sendt to år etter ho sto i konflikt med Ola Borten Moe. No er dei begge sentrale i varselsaka der ingen vil innrømme skuld.

Liv Signe Navarsete og Ola Borten Moe

MEIR ENN EI MELDING: Tidlegare SP-leiar Liv Signe Navarsete fekk tilsendt ei grov seksualisert melding frå ein hyttetur i Trøndelag der nestleiar Ola Borten Moe (midten) var samla med nære SP-vener. Dei to har vore involvert i stridar også tidlegare. SP-leiar Trygve Slagsvold ber den skuldige melde seg innan midnatt.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Innan midnatt i går måtte den skuldige bak den grove meldinga til Liv Signe Navarsete melde seg, om ikkje ville Senterpartiet melde saka til politiet. Ingen melde seg, og saka blei meldt til politiet i Lærdal.

Nestleiar i Senterpartiet, Ola Borten Moe, er ein av dei ti som var samla på hytteturen i Åre i 2016, der meldinga vart sendt til den tidlegare partileiaren. Alle ti seier dei er uskuldige, og Moe er ute av nestleiarvervet fram til saka er løyst.

– Reaksjonane på denne saka kan vere eit forvarsel på kva som kan kome av splid i partiet, med røter i ei gamal konflikt mellom Navarsete og Moe, seier Hans Bårdsgård, kommentator i Nationen.

Gjekk av etter konflikt

I 2014 gjekk Liv Signe Navarsete av som leiar av Senterpartiet, etter interne stridar og utfordringar i leiartrioen, der Ola Borten Moe sat som nestleiar saman med Trygve Slagsvold Vedum. Dette skjedde året etter at partiet gjorde eit svært dårleg val, men Navarsete avviste på dette tidspunktet interne utfordringar.

– Verken Trygve, Ola eller eg kjenner oss igjen i det bilete som vert teikna om vårt samarbeid. Vi er ueinige i ulike saker, men det er det som gjer at vi utfyller kvarandre, sa ho. Det enda likevel med avgang året etter.

Samtidig som Navarsete gjekk av, ynskte eit fleirtal i valkomiteen å vrake Moe som 1. nestleiar. Han kjempa likevel om plassen og vert gjenvald på det ekstraordinære landsmøtet.

Anne Beathe Tvinnereim og Ola Borten Moe

PLASSBYTTE: Valkomiteen ville i 2014 heller ha Anne Beathe Tvinnereim som 1. nestleiar i Senterpartiet, men Ola Borten Moe vant fram og vart valt på landsmøtet som 1. nestleiar under Trygve Slagsvold Vedum.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Fleire av Navarsete sine støttespelarar i dag, meiner det er fornuftig at Moe no har trekt seg til meldingssaka er oppklart. I Trøndelag får han støtte til å kome tilbake, sjølv om saka ikkje vert oppklart.

Omtalte han som ein «solospelar»

Som stortingsrepresentant og nestleiar i Senterpartiet gjekk Ola Borten Moe hardt ut mot Liv Signe Navarsete i fleire saker. I 2009 kritiserte han det raudgrøne regjeringssamarbeidet i kronikken «Nei til SV-staten». Som fersk olje- og energiminister i 2011 gjekk han til angrep på miljørørsla. Begge deler vart han irettesett av Navarsete for.

– Alle som kjenner Ola, veit at han spelar solo til tider, sa ho til VG.

Det vart også bråk då Navarsete ville skifte ut Moe sin politiske rådgjevar, Ivar Vigdenes – noko Moe nekta å gå med på. Vigdenes er rekna som ein nær ven av Ola Borten Moe og var med på hytteturen i 2016.

Vedum, Navarsete og Borten Moe

INGEN MAKTKAMP: På Senterpartiet si konferanse for folkevalde i 2014 avviste Navarsete at det fanst ein maktkamp i partiet.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Ville vrake Navarsete som partileiar

Støttespelarar av Moe mobiliserte for å få kasta Navarsete som partileiar. Også leiar i Senterungdommen, Sandra Borch, gjekk i 2012 ut i media og støtta Ola Borten Moe som arvtakar.

Navarsete måtte etter dette kome med ei unnskyldning for at ho skjelte ut Borch på eit seminar i Troms, på grunn av utsegna hennar.

FULL STRID: Sandra Borch i Senterungdommen stilte seg bak Borten Moe som ny partileiar, noko Navarsete reagerte kraftig på og måtte beklage.

Leiarstilen til Navarsete vert kritisert av fleire. Ein rekkje ordførarar i Trøndelag, Moe sitt heimfylke, gjekk ut og erklærte han som alternativ til å ta over. Også Ola Borten Moe stilte seg etter kvart bak kritikken, men avviste å stille mot Navarsete.

Dårleg val og intern strid

Etter at Senterpartiet i 2013 gjorde sit dårlegaste val sidan 1930-talet, peikte partiet si evaluering på intern strid og maktkamp mellom dei to.

På nytt kom Ivar Vigdenes på bana. I eit brev frå han og fleire Sp-ordførarar bad dei Navarsete om å trekkje seg som partileiar.

Ein månad seinare, på nyåret i 2014, varsla Navarsete at ho gjorde nettopp det; gjekk av. Ho oppmoda alle i sentralstyret om å stille sine posisjonar til disposisjon, men Ola Borten Moe heldt fram. Denne gongen med Trygve Slagsvold Vedum som leiar. Vigdenes har vore ordførar i Stjørdal sidan 2013.

I dag er dei same aktørane involvert i saka om den mykje omtalte meldinga Navarsete fekk tilsendt i 2016. Ho har reagert på prosessen til partiet, etter at ho melde ifrå om hendinga.

Sp

KAN GÅ TIL POLITIET: Senterpartiet har varsla at dei går til politiet med saka, dersom den skuldige ikkje melder seg innan torsdag.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

Frist ved midnatt

Dersom den skuldige ikkje melder seg innan midnatt, og politiet legg bort saka, kan det vere vanskeleg for Ola Borten Moe å tre inn igjen i nestleiarvervet, meiner Nationen-kommentator Bårdsgård. Men om han uteblir kan det gå ut over balansen i partiet.

– Vedum har klart å halde ein balanse i partiet som har fungert godt, men dette vil ikkje vare ved dersom Moe ikkje kjem tilbake. Han er rekna som ein av dei ikkje-sosialistiske i partiet, som hugsar at partiet hans også ein gong har vore eit borgarleg parti, seier Bårdsgård.

Han trur det er vanskelegare for den skuldige å melde seg no, enn då saka først var varsla om for to år sidan.

AKTUELT NÅ