Hopp til innhold

Difor splitter festinvitasjonen til Giske Ap

At Trond Giske fekk invitasjon til den årlege sommarfesten i Ap har splitta partiet. Hovudpersonen sjølv vil ikkje svare på om han faktisk dukkar opp i kveld, men Adresseavisen erfarer at han ikkje kjem.

Trond Giske

Trond Giske har ikkje svart NRK på spørsmål om han kjem på sommarfesten.

Foto: Nareas Sae-Khow / NRK

Det er ein årleg tradisjon, på toppen av Folketeaterbygningen på Youngstorget. Der, klokka 18 onsdag ettermiddag, samlar stortingsgruppa seg til sommarfest. Men det er ikkje eit samla parti som skal feire seg sjølve i år. Tvert imot.

For etter ynskje frå partileiar Jonas Gahr Støre er alle stortingsrepresentantar invitert, også tidlegare nestleiar Trond Giske, noko som har ridd partiet som ei mare siste vekene. Timar før festen startar vil verken partiet eller Giske svare NRK på om han kjem, men Adressa skriv at dei har fått stadfesta at han ikkje skal delta.

Sjukemelding og nestleiarkrangel

Trond Giske måtte trekke seg både som Ap-nestleiar og som leiar i finanskomiteen i kjølvatnet av Metoo-kampanjen. Etter fleire varslingssaker konkluderte Ap med at Giske hadde brote partiet sine interne retningsliner mot seksuell trakassering.

Men etter landsstyremøtet i vinter slo Støre fast at Giske var velkomen tilbake til Stortinget etter sjukemeldinga, og at Giske kunne delta i det vanlege arbeidet i sin komite.

Nokre meinte det var for tidleg, men Støre stod på sitt. Som partileiaren også gjorde då invitasjonane vart sende ut til sommarfesten. Og då braka det verkeleg laus.

Ingunn Yssen

Ingunn Yssen er tillitsvald for dei tilsette i Ap si stortingsgruppe.

Foto: NRK

Nestleiar Hadia Tajik bad sentralstyret gje Giske festnekt. Og klubbleiar i partiet, Ingunn Yssen sa til VG at «Giske sitt nærvær på festar vil bety at fleire tilsette i praksis er utestengde».

Det enda med at Ingunn Yssen vart sjukemeld etter at Jonas Gahr Støre, slik ho opplevde det, refsa ho for å ha vore kritisk til at Trond Giske får delta på stortingsgruppa sin sommarfest.

Giske sjølv, som for tida er i pappaperm, har ikkje kommentert dei interne stridigheitene kring eigen person. NRK har fleire gonger kontakta Giske om sommarfesten, men han svarar ikkje.

Vil ikkje gje innsyn

NRK har også bede om innsyn i gjestelista til sommarfesten, men ikkje fått det.

– Vi deler ikkje ut lista, seier medievakt Anne Odden, som heller ikkje vil svare på om Giske er påmeld.

Kari Henriksen er Ap sin fraksjonsleiar i familie- og kulturkomiteen, der også Giske er medlem.

– Eg held ikkje register over kva kollegaer som er festdeltakarar. Deira private val er ikkje mitt anliggande, seier ho til NRK.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT