Hopp til innhold

Hissig lågtrykk i vente: No kan skogbrannfaren vere over

Fredag er det venta kraftig vind på Sør- og Austlandet. Likevel kjem det noko positivt ut av uvêret: Skogbrannfaren kan vere over.

Været de nærmeste dagene blir mye våtere enn hittil i sommer. Et lavtrykk kommer inn fra Danmark og gir regn over hele landet. Meteorologene har sendt ut farevarsel.

I Aust-Agder, Telemark, Buskerud, Oslo, Akershus, Hedmark og Oppland er det venta kraftig vind på fredag. Det opplyser Meteorologisk institutt.

Vindkasta det er varsla om kjem med ein styrke på 20–25 meter i sekundet, og i fjellet kan det auke til 30 meter i sekundet.

– Det blir ikkje det beste turvêret med lågt skydekke, regnvêr og vind, så forhåpentlegvis er det ikkje mange som drar ut på tur, seier Gislefoss til NRK.

Sterke vindkast

Det hissige lågtrykket kjem frå sør, og treff Noreg tidleg på fredag. Det har med seg mykje nedbør og kraftig vind.

Laster Twitter-innhold

– Vi har sendt ut farevarsel på nest høgste nivå. Det er vinden vi åtvarar mot i første omgang, seier statsmeteorologen.

Vinden kjem først til å auke i Aust-Agder og Telemark, og vil vere sterkast i Buskerud, Oppland, Hedmark, Oslo og Akershus fredag ettermiddag.

Farevarselet kjem til å gi seg seint fredag kveld.

– Det blir ein dag med mykje vêr.

Den kraftige vinden kan føre til at gjenstandar med stort vindfang kan blåse over ende. Bruer kan måtte stenge, og det er fare for skade på bygningar og infrastruktur.

– Båtfolk bør ikkje legge ut i småbåtar i dette vêret.

Statsmeteorolog Kristian Gislefoss

Trass i ein dag med mykje vêr, kan fredagen resultere i at skogbrannfaren endeleg er over, ifølgje statsmeteorolog Kristian Gislefoss.

Foto: Hallvard Sandberg / NRK

– Det er etterlengta

Trass i at store delar av landet går ein vêrrik inngang på helga i møte, er det noko positivt som kjem ut av det òg, skal ein tru meteorologen.

  • Du kan følgje vêret på yr.no

Det er nemleg også venta mellom 20 og 30 millimeter regn, som vil komme jamt over dagen. Enkelte stader kan det komme opp mot 40 millimeter nedbør.

Det kan bety at skogbrannfaren i Sør-Noreg endeleg er over.

– Dette er det vi trenger. Her får vi ein jamn nedbør gjennom heile dagen, og det er etterlengta, seier Gislefoss.

AKTUELT NÅ