skillegodt for ganen toppromoskillespråkspalten toppromoskilleSport topp promoskille_slutt
Toppbanner  Hordaland programmer 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Hordaland > Programmer NRK Hordaland Sist oppdatert 11:45
NRK Hordaland Postboks 7777, 5020 BERGEN
Tel: 55275200
Fax: 55275299
Distriktsredaktør:
Nettredaktør:
Lokalkontor:
Hardanger:
55 27 59 92
Stord:
55 27 59 91

 

20 000 småkryp på juletreet

Foto: Ole Jakob Vorraa
Foto: Ole Jakob Vorraa
Går du over juletreet ditt med lupe, kan du få auga på juletrepynt du ikkje visste om. Treet er nemleg bustad for fleire tusen småkryp.

Publisert 20.12.2005 15:31.
Av Eli Bjelland

Foto: Ole Jakob Vorraa
Programleiar i Ut i Naturen på NRK1, Monika Blikås, og forskar ved Universitet i Bergen, Torstein Solhøy, fann mange små insekt på det grøne og glitrande treet då dei tok med seg eitt på laboratoriet.

Eitt par tusen dyr

Det er faktisk mogleg at det fins så mange som 20 000 småkryp på eitt tre, men dei fleste som kjem inn i heimane i juletida inneheld berre eit par tusen dyr.

Torstein Solhøy sitt favorittinsekt er edderkopparten Mattevevar.

Foto: Ole Jakob Vorraa
- Edderkoppar er fantastiske. Dei har åtte auge og er truleg dei mest erfarne fjellklatrarane som fins. I tillegg blir eg fascinert over dei flotte netta dei lagar. Mattevevaren sine nett ser naturlegvis ut som matter i trea, fortel han.

Ikkje farleg

Det kan i alt vera 20 ulike edderkoppartar i eitt tre.

For dei av oss som helst vil ha tre utan edderkoppar og andre småkryp, kan det likevel vera ei trøyst at dyra ikkje er farlege.

Det er heller ingen som kan reagera allergisk på dei.


Sjå TV-reportasjen om småkrypa på juletrea i Ut i naturen tysdag 20. desember kl 19.30 på NRK1.

Foto: Ole Jakob Vorraa

Bakgrunn: Bergen (19.03.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM REGION - BERGEN

NYHETSBREV
Få nyhetene fra NRK Hordaland på e-post - helt gratis!:

LYD OG VIDEO
Lyd og Video Se og hør opptak av nyhetssendingene fra NRK Hordaland!
Mer
 
 
 
10 SISTE NRK HORDALAND
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no