Det er no blitt meir vanleg at unge vaksne med fast arbeid brukar kokain i Bergen.
SE OGSÅ: |
|
|
ALT OM: |
|
Av
Olaf Erlend Gundersen og
Eli Bjelland
Det er lettare å få tak i ulovlege sentralstimulerande stoff som kokain og amfetamin i Bergen. Årsaka er blant anna at unge vaksne i fast arbeid er blitt ei stor kundegruppe.
- Skuffande
Det kjem fram i Stiftelsen Bergensklinikkene sin Føre Var-rapport. Spesialkonsulent Jane Mounteney er uroa for utviklinga.
|
Illustrasjonsfoto: Scanpix |
- Det er alltid litt skuffande å sjå auke i rusbruk. Det er aldri bra, meiner ho.
Lettare å kjøpa kokain
Sidan 2001 har Stiftelsen Bergensklinikkene overvaka rustrendane i Bergen. Utviklinga så langt i år syner at mykje er som før, men at endringa som har skjedd trass alt har gått i feil retning.
- Det er no lettare å få tak i amfetamin og kokain i byen, fortel Jane Mounteney.
Hemmelege informantar
Ved hjelp av mellom anna eit nettverk av 30 hemmelege informantar som er inne i ulike miljø, til dømes utelivsbransjen, har dei avdekka at det er ei ny brukargruppe som står for delar av denne auken.
- Det er folk som har jobb eller studerer, og som har litt pengar, som brukar narkotika til festbruk. Det er ikkje lenger så vanleg i Nygårdsparken, seier Mounteney.
For Bergensklinikkene er Føre Var-rapportane viktige. Dei betrar sjansane for å setja inn ressursar tidleg.