SE OGSÅ: |
|
|
ALT OM: |
|
2800 innbyggjarar
Politisk karakteristikk
Denne perioden har det vore eit valteknisk samarbeid, Sp, V og Ap. Usikkert kva som skjer etter valet.
Politisk situasjon
Senterpartiet har ein representant meir enn KrF i kommunestyret. Ordførar Jorunn Strand Vestbø har 10 års rutine bak seg som ordførar og stiller til gjenval. Men ho får konkurranse av Johan Halsne frå KrF, som også er kandidat.
Ottar Sandanger frå Ap er varaordførar i inneverande periode.
Kommunestyret 1999-2003
Det er 25 medlemmer i kommunestyret.
Ap-2, Sp-9, KrF-8, V-2, H-3, FrP-1
Lister -03
Sju partier stiller lister i Finnøy. Ap, SV (for første gong), Sp, KrF, V, H og FrP.
Aktuelle kandidatar
Ordførar Jorunn Strand Vestbø er rutinert, men slitasje kan vise seg. KrF sin kandidat, Johan Halsne, er gardbrukar frå Halsnøy. Han er leiar i Samferdselsutvalet i fylkespolitikken og ein klar konkurrent om ordførarvervet.
SV stiller for første gong i Finnøy. Toppkandidaten heiter Magnus Mathisen og er rektor på Rygjabø vidergåande skule på Judaberg.
Aktuelle saker
Skulestruktur er ei viktig sak. Rådmannen har i lengre tid foreslått å flytta dei fleste skulane inn til hovedøya, Finnøy, for å spare pengar. Sist runde var på Fogn skule. Men der er det sett i gong nybygging nå. Likevel kan det bli endra. Ferjesamband er alltid ei heit potet i Finnøy. Nå er det ikkje kommunen som driv det, men meiningane er mange. Det store samferdselsløftet er Finnfast. Tunnelltilknytning til Rennesøy ser nå ut til å bli noko av, men den står tidlegast ferdig i 2007-08.
Valstatistikk
Val-91: Ap-2, Sp-11, KrF-7, V-2, H-3, FrP-0
Val-95: Ap-2, Sp-12, KrF-6, V-2, H-2, Frp-1
Val-99: Ap-2, Sp-9, KrF-8, V-2, H-3, Frp-1