SE OGSÅ: |
|
|
ALT OM: |
|
1000 innbyggjarar
Politisk karakteristikk
Solid borgarleg kommune som tradisjonelt har vore styrt av Senterpartiet.
Politisk situasjon
Det har ikkje vore noko formelt samarbeide i kommunestyret i Forsand siste periode.
Kommunestyret 1999-2003
Det er 17 medlemmer i kommunestyret.
Ap-3, Sp-4, KrF-4, Samlingslista-3, H-3,
Lister -03
Seks parti stiller lister i Forsand. Ap, Sp, KrF, Samlingslista, H, og FrP (for første gong).
Aktuelle kandidatar
Torstein Haukalid, KrF har vore ordførar den siste perioden. Han trekk seg og det er Ole Tom Guse som er ny mann på topp.
Men det er mange andre ordførarkandidatar. Ingeborg Søyland frå Sp, Nancy Kjærvoll frå Ap og varaordførar Arne Maudal frå Høgre, er alle rutinerte kommunestyrefolk. Det er også Reidar Thu frå Samlingslista.
Mest spennande er kanskje Odd Arne Ingvaldstad frå FrP, som stiller liste i Forsand for første gong. Ingvaldstad er son av FrP sin leiar i Framstegspartiet i fylkestinget.
Aktuelle saker
Det nye byggefeltet kan vera ei greie. Skal det liggje ned mot fjorden eller trekkjast lengre tilbake. Det blir også tøffare prioriteringar fordi kommunen får dårlegare råd, etter endringar i kraftverkskatten. Det kan føre til problem i ein kommune som er vant med å ha råd til det meste. Då kan også ytterlegare samarbeid eller samanslåing med Strand bli aktuelt.
Valstatistikk
Val-91: Ap-3, Sp-6, KrF-5, Samlingslista-2, H-1,
Val-95: Ap-2, Sp-6, KrF-5, Samlingslista-2, H-2, (men ein blei uavhengig)
Val-99: Ap-3, Sp-4, KrF-4, Samlingslista-3, H-3,