SE OGSÅ: |
|
|
ALT OM: |
|
525 innbyggjarar
Politisk karakteristikk
Det er lenge sidan Kvitsøy har vore særleg prega av partilinjer i politikken. Dei siste to periodane har felleslistene overtatt. Då er det i større grad personar det blir stemt på. Og til ein viss grad har også politikken vore ein dugnadsjobb. (Nå er det din tur, så tar eg over igjen om fire år...)
Politisk situasjon
Det har berre vore to lister den siste perioden. Det blir det også til valet, men då er det politiske samarbeidet endra. Det er slutt på at KrF og Ap er på same lista, Felleslista. Nå er det KrF og frie borgerlege som er på Felleslista. Medan Ap tar med seg dei andre i Tverrpolitisk liste.
Lenge såg det ut som det berre skulle bli ei liste ved årets val, men så bestemte dei seg for å dela den eine lista i to, for at det ikkje skulle bli "eittparti-val".
Kommunestyret 1999-2003
Det er 15 medlemmer i kommunestyret.
Felleslista-9, Bygdelista-6
Vallister -03
2 lister stiller til val i Kvitsøy.
Aktuelle kandidatar
Trevarefabrikkeigar Ole Olsen stiller til gjenval. Han har stått på for ferjesambandet og for å få mange anløp til Kvitsøy. Han er eigentleg KrF-mann.
Varaordførar Kai Hennig Kvilstad er leiar på Tverrpolitisk liste. Han jobbar på Norkring, Telenor på øya. Kvilstad er eigentleg Ap-mann.
Kandidatane står oppført i alfabetisk orden på begge listene.
Aktuelle saker
Ferja og kor mange anløp den har til Kvitsøy er ei viktig sak for øysamfunnet. Nå kjem også planlegging av Rogfast inn. I løpet av 5-10 år blir truleg Kvitsøy landfast. Men det er ikkje noko politisk motstand av betydning å merke på dette.
Valstatistikk
Val-91: Ap-3, KrF-3, H-3, Bygdelista 6,
Val-95: Ap-3, KrF-4, Samlingsliste-8
Val-99: Ap-(ut) KrF-(ut) Fellesliste-9, Bygdelista-6