SE OGSÅ: |
|
|
ALT OM: |
|
3.100 innbyggjarar
Politisk karakteristikk
Lund er ein samarbeidskommune, der politikarane går saman for å ordna opp samla for det aller meste. I sist val gjekk FrP mest fram, medan Høgre gjekk mest tilbake.
Politisk situasjon
Kjell Erfjord blei vald einstemmig til ordførar i kommunestyret, etter valet i -99. Det er ikkje noko valteknisk samarbeid i kommunen.
KrF var det største partiet, med Ap rett bak.
Kommunestyret 1999-2003
Det er 25 medlemmer i kommunestyret. Det skal ned til 21 i dette valet
Ap-6, KrF-6, Sp-5, V-1, H-3, FrP-4
Vallister -03
6 parti stiller til val i Lund.
SV stiller ikkje liste i år. Resten av dei vanlege partia er på plass.
Aktuelle kandidatar
Ordførar Kjell Erfjord, KrF, har vore med i politikken i 32 år. Nå går han laus på sin 9. periode. Han har tidlegare vore både ordførar i Lund og varaordførar for KrF i fylkespolitikken.
Magnhild Eia, Sp, og Olav Hafstad, Ap, er dei største opponentane til ordførarvervet.
Aktuelle saker
Utfordringa blir å halda oppe det servicetilbodet som er. Legge til rette for folkeauke og fleire arbeidsplasser. Renovering av Lund ungdomskule.
Eigedomskatt og byggesaksgebyr. Skal det innførast? Det kan bli eit tema med temperatur i.
Valstatistikk
Val-91: (ikkje tilgjengeleg)
Val-95:
Val-99: Ap-6, KrF-6, Sp-5, V-1, H-3, FrP-4