SE OGSÅ: |
|
|
ALT OM: |
|
240 innbyggjarar
Politisk karakteristikk
Det er berre Ap som stiller eiga liste. I tillegg kjem Bygdelista og inntil denne perioden har Tverrpolitisk liste fungert. Ordføraren kjem frå den liste denne perioden. Men nå er lista lagt ned.
Politisk situasjon
Ordførarlista, Tverrpolitisk, er lagt ned. I staden prøvde ordføraren Reidar Klovning, å skapa ei rein kvinneliste. Han leverte inn namneforslag utan å spørje nokon. Resultatet blei dårleg. Alle fann ein grunn til å trekkje seg.
I staden har Lokalpolitisk liste oppstått. Den består i stor grad av utflytta ungdommar som nå er studentar andre stader i landet.
Geir Helge Rasmussen representerer Bygdelista og er varaordførar.
Kommunestyret 1999-2003
Det er 13 medlemmer i kommunestyret.
Ap-5, Bygdelista-3, Tverrpolitisk-5.
Vallister -03
Det er tilsaman 3 lister på Utsira. Ap, Bygdelista og Lokalpolitisk liste.
Den lokalpolitiske lista er ny for året.
Aktuelle kandidatar
Jarle Nilsen stiller på topp for Ap. Han er nyleg tilflytta kommunen.
Geir Helge Rasmussen har erfaring trass i relativ ung alder. Han har vore varaordførar og listetopp for Bygdelista. Han stiller til gjenval.
Kven som er førstekandidat for Lokalpolitisk liste er foreløpig usikkert.
Aktuelle saker
Lite uenighet i kommunen. Hydrogenanlegget er på veg inn. Det skaper optimisme. Men på andre sida er Sildakongen på veg ut med fabrikken sin. Anlegget blir flytta til Åkra.
Valstatistikk
Val-91: Ap-4, Bygdeliste-4, Tverrpolitisk-5
Val-95: Ap-4, Bygdeliste-3, Tverrpolitisk-6
Val-99: Ap-5, Bygdaliste-2 Tverrpolitisk-5