SE OGSÅ: |
- Demokratene, Fylkestingslista
- Ap-lista, Fylkestinget
- FrP-lista, Fylkestinget
- H-lista, Fylkestinget
- KrF-lista, Fylkestinget
- Kristent samlingsparti, Fylkestingslista
- Kystpartiet, Fylkestingslista
- De grønne, Fylkestingslista
- Norsk Folkeparti, Fylkestingslista
- Pensjonistpartiet, Fylkestingslista
- RV-lista, Fylkestinget
- Sp-lista, Fylkestinget
- SV-lista, Fylkestinget
- V-lista, Fylkestinget
|
|
ALT OM: |
|
385 000 innbyggjarar
Politisk karakteristikk
Fylkespolitikken har vore prega av eit litt sterkare Høgre enn landet forøvrig og eit litt svakare Ap enn landsgjennomsnittet. Høgre og Sp har delt fylkesordførarvervet dei siste fire periodane. Fokus har gått frå helse og sosial over på regional utvikling. Det har skjedd etter at staten overtok ansvaret for sjukehusa frå 1.1.2003.
Politisk situasjon
Høgre har fylkesordføraren ved Roald Bergsaker. KrF har varaordføraren ved Jan Birger Medhaug.
Partipolitikken har i stadig større grad forsvunne frå fylkeskommunen. Nå er alle enige, med eitt og anna unntak frå FrP eller SV.
Fylkestinget 1999-2003
Det er 57 medlemmer i Fylkestinget.
Ap-12, SV-3, RV-1, Sp-4, KrF-10, V-3, H-13, FrP-10, Pp-1.
Vallister -03
Det er tilsaman 14 parti som stiller lister ved Fylkestingsvalet. Demokratene, Kristent samlingsparti, Kystpartiet, Miljøpartiet De Grønne, Norsk Folkeparti, Pensjonistpartiet, RV + dei kjente.
Aktuelle kandidatar
Eirin K. Sund er listetopp for Ap. Ho har bakgrunn som Ap-politikar i Gjesdal og som statssekretær i Samferdselsdepartementet under Stoltenberg si regjeringstid.
Fylkesvaraordførar Jan Birger Medhaug fortset som listetopp for KrF.
Fylkesordførar Roald Bergsaker er stadig toppkandidat for Høgre.
Senterpartiet stiller med tidlegare fylkesordførar Odd Arild Kvaløy, FrP med Ola Ingvaldstad, Venstre med Jarle Braut, SV med Klara Gautun Tveit, Pensjonistpartiet med Egil Willumsen, som er tidlegare fylkeslege og for RV stiller Asgeir Bell på topp.
Erling Skåtøy er toppkandidat for Kystpartiet. Han er leiar av Fiskarlaget Vest og bur i Egersund.
Aktuelle saker
Det er vanskeleg å finne saker som det er stor uenighet om i fylkespolitikken. Alle er enige om at fylkeskommunen skal vera ein regional aktør. Det er snakk om å leggje meir makt inn i Vestlands-rådet og det er snakk om å dele oppgåver mellom fylka som er på Vestlandet. Men alt dette er litt flytande.
Det er mulig at bompengar kan bli ei sak som kan nå opp i fylkespolitikken. Både på bakgrunn av bom-plassering øverst i Hunnedalen og dersom det er noko i ryktene om at prisen på bomringen rundt nord-Jæren kjem til å auke etter valet.
Valstatistikk
Val-87: Ap-19, SV-3, Sp-5, KrF-11, V-5, H-18, FrP-10, Pp-0
Val-91: Ap-15, SV-6, Sp-9, KrF-10, V-3, H-18, FrP-6, Pp-4
Val-95: Ap-17, SV-3, Sp-9, KrF-11, V-4, H-15, FrP-10, Pp-2 (71)
Val-99: Ap-12, SV-3, Sp-4, KrF-10, V-3, H-13, FrP-10, Pp-1 (57)