|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Snøskred, rekordnedbør, jordskred og flaum har mang ein gong sett ein støkk i folk dei siste åra. Men skadane har heldigvis vore små i høve til dei verkelege katastrofane, som rasulukkene i Lodalen i Stryn i 1905 og 1936.
|
|
Historia i Gulen:
27. august vart tusenårstaden Gulatinget høgtideleg opna. Stortingspresident Jørgen Kosmo stod for den offisielle seremonien. Gulatinget ved Eivindvik er den eldste og viktigaste tingstaden i Noreg.
|
|
I tortur-kammeret hengde fangane i kjøtkrokar.
|
Den aller første kjende sogningen var frå Solund.
|
Alt på 1200-talet fanst 92 kyrkjer i Sogn og Fjordane.
|
Sosialisten Marcus Thrane fekk mange tilhengarar i Sogn.
|
|
|
|
|
Gode heilårsvegar til Austlandet er livsnervane for næringslivet i Sogn og Fjordane. Heilt frå vikingtida har det vore handelsvegar over Filefjell, Sognefjellet og Strynefjellet, men kvar av desse fjellovergangane har si dramatiske historie som også har kosta liv.
|
|
Krigshistoria i Selje kommune:
«Sanct Svithun»-forliset utanfor Ervik på Stad var ei av dei mest dramatiske hendingane på Norskekysten under 2. verdskrig. Skipet var på sørgåande då det på ettermiddagen ca. klokka 18:45 vart bomba av seks allierte fly på Stadhavet...
|
|
Baron Audun Hugleikson vert feira med eige historiespel i heimbygda Ålhus i Jølster. Audun var ein av dei mektigaste menn i Noreg i mellomalderen. Men kvifor vart han hengd i 1302? Var det fordi han hadde svindla kongen for enorme summar?
|
|
Krigshistoria i Nordfjord
I "Ringenes Herre - Atter en konge" vert det nytta vetar til å varsle om den komande krigen. På våre kantar var dette ein vanleg måte å varsla om ufred på i eldre tider...
|
|
Kjende personar i Eid kommune: Sophus Lie (1842-1899), fødd på Nordfjordeid, son av sokneprest Johan Herman Lie. Professor i matematikk.
|
|
Kjende personar i Selje kommmune: Wald Drageseth (1920-1994), frå Selje. Ein av dei fremste industribyggjarane i Sogn og Fjordane gjennom tidene.
|
|
NRK Sogn og Fjordane sende våren og sommaren 2004 ein programserie på radio med glimt frå fortida i Sogn og Fjordane. Dei same programma kan du høyre her, og sjå nye kulturhistoriske bilete...
|
|
Krigshistorie:
Adolf Hitler vitja aldri Noreg offisielt. Men dette biletet viser at i 1934 var der Führer djupt inn i Sognefjorden...
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|