· - spesielt:
Handelsstaden og småindustrisenteret Utvik
ANDRE OMTALER:
Lars Ytreeide
– kalla Halte-Lars – bygsla kring 1870 eit jordstykke på Øvreeide og dreiv landhandel der nokre år. Han arbeidde også som skreddar.
Rasmus J. Sætre
starta i 1871 eit teglverk på garden Årheim i Stryn saman med lensmann Gullik B. Mugaas. Framleis kallast plassen der teglverket stod for ”Teglen”. Rasmus J. Sætre var dessutan ein dugande smed som gjorde alt smedarbeidet til kyrkjene i Oppstryn, Selje og Stavang. I 1889 overtok Erik E. Kyrkje-Eide teglverket, som truleg vart lagt ned kort tid etter.
Anders Jonson Drageset
starta fargeri og landhandel i Innvik på 1870-talet. Han vart også dampskipsekspeditør i bygda i 1874. Også David Olsson Sunde, ”Fargar-Dåve”, starta fargeri ved Hildenausta kring 1870.
Utvikens Handelsforening
vart skipa i 1874 med den 21 år gamle Elias A. Sølvberg (1853–1941) som styrar. Han tok over forretninga i eige namn, E.A. Sølvberg, i 1902. I 1921 overtok sonen Peder E. Sølvberg, og i 1940 sonesonen Elias P. Sølvberg. – Sjå elles
Forretningsfamilien Sølvberg.
E A. Sølvberg landhandel
– sjå Utvikens Handelsforening (over).
Rasmus A. Sunde
starta i 1877 landhandel på Tonning i Stryn. Sonen Hans Sunde tok over i 1905, og sonesonen Roald H. Sunde i 1953.
Kornelius Olson Valaker
som vart brukar på Bruland i Utvik i 1877, vart både båtbyggjar, snikkar og smed. Han starta også hellebryting i skiferberga i Brulandsstranda.
Thor Gjørven
starta landhandel på Kleivaneset i Stryn i 1882. I 1932 overtok svigersonen Eilert Ommedal. Forretninga dreiv også kjøp og eksport av laks, ørret og blåbær. Om sommaren dreiv Ommedal pensjonat.
Nedstryns Handelsforening
vart skipa i 1884 på Tonning. I 1894 overtok styraren Lars J. Stauri handelen sjølv, og i 1896 Mathias Nesje. Eigedomen vart i 1913 overteken av den kjende fotografen og spelemannen
Jens R. Maurseth.
i Olden vart starta på den over 200 år gamle handels- og gjestgjevarstaden i Sjøatunet (sjå også
Storgarden og handelsstaden Tonning ) ved utløpet av Oldenelva.
starta kring 1890 sagbruk og høvleri i Utvik. I 1909 overtok Arne Jensen verksemda. I 1918 kjøpte han den skogrike garden Askevik i Ålfoten og nytta tømmer derfrå til produksjonen i Utvik.
Gudmund Monsson Sydness
starta landhandel i Innvik i 1892. Han var samstundes postopnar. Sonen Johannes Sydness tok seinare over landhandelen.
Ole Andersson Verlo
og ektemaken Anne starta kring 1894 bakeri i Utvik. Ole døydde i 1906. Seinare dreiv Anne også kafé. Svigersonen Asbjørn Olsen Felde var skomakar og dreiv i mange år
Feldes Skoverksted saman med broren sin.
Amund E. Glomnes
starta landhandel på Hjelle i Oppstryn i 1895. Sonen Halvdan tok seinare over butikken.
Jon Drageset
frå Innvik starta landhandel og bakeri i Loen i 1896. Sonen Waldemar Drageset tok over butikken kring 1940, og etter han har firmaet sidan heitt W. Drageset. Sonen Arnold tok over drifta i 1968 , og i 1987 overtok Per Willy Drageset. Butikken er i 2004 med i Joker-kjeda og har også ordninga ”post i butikk”.
vart skipa i 1897 og var resultatet av ei samanslåing med Øvre Olden Dampbåtlag.
Harald O. Eikenes
starta i 1899 landhandel på Årnes i Stryn, like sør for den gamle brua. Her bygde han ein stor forretningsgard. Han var også medskipar av Stryn Cementsteinfabrikk i 1912, sjå
Fabrikkar og verkstader i Stryn. Sonen Einar Eikenes tok over i 1932, og sonesonen Harald E. Eikenes i 1940.
Jakob R. Myklebust
starta skreddarforretning i Stryn kring 1902. Han var ein kjend spelemann og far til radiomannen og ”Folkemusikkhalvtimen” personleg,
Rolf Myklebust. Sonen Arne Audun Myklebust kom med i verksemda i 1941, og ei tid var dei oppe i åtte tilsette.
Simon S. Muri
starta i 1903 landhandel på Oldeøyra. Dottera Olina tok over i 1946.
Andreas R. Sunde
starta urmakarforretning på Tonning i Stryn i 1905. Sonen Rasmus tok over i 1925, og seinare sonen Asbjørn Sunde.
Bertel J. Hestenes
starta landhandel i Innvik i 1904. I 1912 flytta han til Nordfjordeid og overlet forretninga til Ole J. Bennæs. Seinare eigarar har vore Sverre Nesbø og Olaf O. Bennæs.
Anders Mattiasson Åland
starta landhandel på Hopland i 1905. Han dreiv også eit lite meieri. I 1908 selde han til Peder Jonson Hopland. Same året vart han telefonstyrar og vart tilsett som dampskipsekspeditør i 1911. Han bygde kai og nytt forretningsbygg i 1920. Sonen Bjarne tok over eigedomen i 1956 og utvida og moderniserte forretninga, og etter han sonen Per Helge Hopland.
Johanne S. Dokset
dreiv frå 1910 og utover eit lite bakeri nede ved sjøen på Blakset.
Mathias R. Torheim
starta skreddarforretning i Utvik i 1910. Han hadde på det meste 4-5 personar i arbeid.
Andreas Berge
starta landhandel i Grønfurvika i Oppstryn i 1911. Sigrid Guddal tok over butikken i 1927 og bygde nytt forretningsbygg kring 2. verdskrig.
A/S Markenes Handelslag
på Faleide vart skipa i 1911 med 30 aksjonærar. I 1937 bygde laget eigen butikk ved kaia på Faleide. Før krigen var laget storkjøpar av alle slags jord- og utmarksprodukt som t.d. skogsbær, ved, tønnestav, tønneband, skurlast o.l. som vart selt vidare m.a. til Bergen. Laget vart oppløyst i 1957.
Anna Aarheim
starta i 1912 landhandel i Stryn. Ho dreiv forretninga til ho døydde i 1942. Då overtok Borfrid Nesdal f. (Aarheim) og ektemaken Audun butikken som i hovudsak dreiv handel i manufaktur.
Interkommunalt ruteselskap, grunnlagt 1914.
Johan Flo & Søn landhandel
vart starta i Stryn i 1918 av Johan Flo. Firmaet bygde etter 2. verdskrig eige fryseri og kjølelager.
Mons M. Sandvik
starta kring 1920 som kjøpmann på Fosnes i Oppstryn, først som styrar av eit lokalt handelslag, og seinare med eigen landhandel. I 1936 kjøpte Ragnar Grønfur butikken og dreiv den saman med kona Marit til 2004.
A/S Nordfjord Frukt og Saftlager
bygde i 1920 eit lageranlegg på Aldenes på Visnes i Stryn.
Olav Eikenæs
på Sandane starta bok- og papirhandel i Stryn i 1921. Forretninga vart driven som filial under hovudforretninga på Sandane fram til 1941, då sonen Olav Eikenæs tok over forretninga i Stryn.
starta på 1920-talet manufakturforretning på Tonning.
Johanne Skaare
starta sy- og moteforretning på Hjelle i Oppstryn i 1922. I 1924 bygde ho ny butikk på Grov litt lengre oppe i dalen og utvida då til assortert landhandel. Ho utvida i 1931, dreiv også eit lite pensjonat.
A/S Roset & Co. landhandel
vart starta på Blakset i 1924 av R. Roset. Firmaet dreiv m.a. med kjøp og vidaresal av frukt, hagebær og skogsbær.
starta sportsforretning og bilverkstad i Stryn i 1926.
Jørgen Flo
starta i 1926 entreprenørforretning i Stryn. Etter 2. verdskrig bygde han opp entreprenørverksemda til ei av dei store i Fjordane: Han fekk store byggjeoppdrag som verftet til Ankerløkken i Florø, Moelven Bruk i Utvik, kommunehuset i Stryn sentrum, Nordfjord og Sunnmøre Billag sitt administrasjonsbygg på same stad, Karstad & Co. sin bilverkstad og Stryn Meieri.
L. Ljåstad
starta skreddarforretning med utsal i Stryn sentrum i 1927.
Yris kafé
i Olden vart starta av Bent R. Yri kring 1927. Han tok då over ein eigedom der Mons og Malena Hunskår hadde drive bakeri og kafe frå kring 1910. Målfrid Hunskår tok over eigedomen i 1954.
Oldedalen Landhandleri AS
vart skipa i 1928 av Rasmus og Aagot Rustøen. I 1952 endra butikken namn til Rustøens Landhandel. Dei var óg telefonstyrarar i bygda. Butikken vart lagd ned i 2006.
Lars Eide
starta landhandel i Oldedalen i 1928. han hadde også bensin- og oljelager.
starta landhandel i Utvik i 1929, då han leigde butikken som Andreas Johanson Loen dreiv på den gamle handelsstaden der.
Stensaker & Søn A/S landhandel
på Blakset vart starta i 1929 av Rasmus D. Stensaker.
Han var også dampskipsekspeditør.
Innvik Pensjonat
vart starta ca. 1930 sjå
Reiselivsbedrifter i Stryn IMI Hotell, Misjonsheimen A/S.
A. Nesje skoforretning og verkstad
vart starta i Stryn i 1932 av A. Nesje.
Marius B. Sæten
starta skreddarforretning i Måløy i 1915, men i 1932 flytta han verksemda til Loen.
Nesje & Co. landhandel
vart starta i Stryn i 1932 av Sverre og Mathias Nesje.
Reidar A. Kjøs
frå Kjøs i Hornindal starta landhandel på Muri i Olden i 1933. I 1960 overtok Kolbein R. Folven frå Oppstryn butikken.
Vilhelm Sunde
starta landhandel på Mindresunde i Oldedalen i 1934. Han var også telefonstyrar.
Øvreberg & Co. herreekviperingsforretning
i Stryn vart starta i 1936 av Hjalmar og Sverre Øvreberg.
Fløtres Auto lastebiltransport
vart starta i Olden i 1936 av Ragnvald Fløtre. Han hadde i mange år transporten av fløyte frå Utvik og Innvik til Olden Meieri.
Ella Folven
starta landhandel i Hjelledalen i Oppstryn i 1936. Ho bygde eige forretningsbygg i 1946 og leigde den på same tid ut til Stryn Samyrkelag for ein 10-årsperiode.
Drageset & Brekke landhandel
vart starta på Tunold i Oppstryn i 1936. Den eine skiparen, Sverre A. Drageset, tok etter ei tid over forretninga og dreiv åleine.
Oddrun O. Faleide
starta landhandel på Faleide i 1937. Ho var også dampskipsekspeditør. Ho gifta med Oddvin O. Sætre som gjekk inn i drifta av butikken.
Innvik Samyrkelag
vart skipa i 1946 og opna forretninga i 1947, og fekk etter kort tid 84 medlemmer.
Stryn Samyrkelag
vart skipa i 1946 og starta tre utsal kringom i kommunen. Samyrkelaget dreiv også kjøp og sal av landbruksvarer.
John M. Loen
starta landhandel i Loen ca. 1946. Butikken hadde utsal av husflidsvarer, og dreiv også ein frukt- og grønsakbutikk i Bergen.
Stryn Trykkeri
vart starta i 1946 av Thorleif E. Nilsen. Trykkeriet trykte både bøker, aviser, blad og ulike trykkerivarer.
Ole L. Brekke
starta i i 1946 landhandel, målarvare- og steintøyforretning i Stryn. Firmaet dreiv også produksjon av fiskemat.
Oppstryn Maskinstasjon
vart starta i 1947 etter opptak av Rolf Gjørven som fekk med seg 50 bønder i bygdene for innkjøp av traktorar og høvelege reiskapar for pløying og slått. Sjå og
Dei første traktorane.
Flåtens Intstallasjons- og sportsforretning A/S
i Olden vart skipa i 1947 av Ragnvald Flåten. Han selde elektriske artiklar og sportsutstyr.
Brødrene Sydness bakeri og konditori
vart starta i Stryn i 1947 av Alv Sydness og Gudmund Sydness.
Thor Tenden Transport A/S
vart starta 1947 av Thor Tenden sr. Firmaet hadde også damskipsekspedisjonen på Visnes til år 2000. Frå 1980 har selskapet satsa stort på langtransport m.a. med fisk frå Måløy, og hadde i år 2000 20 vogntog, 35 tilsette, og ei årsomsetning på 42 millionar kroner.
i Stryn, grunnlagt 1947 av Ola Tenden og seinare overteke av sonen Olav Tenden.
P/L Hopland Fruktpakkelag
bygde fruktlager med kjølerom på Hopland i 1949.
Blakset Fruktlager P/L
vart bygd ved stranda på Blakset i 1951. Blakset er ei av dei beste fruktbygdene i Stryn kommune.
Einar Aaland
starta i 1951 som bygningsentreprenør på Hopland, og hadde på det meste fem mann i arbeid.
Wilhelm A. Brynestad
starta landhandel og bakeri i Olden i 1952.
Sverre P. Tisthammar
starta landhandel på Tisthamar vest for Utvik i 1954.
Magne H. Sætren
starta landhandel på Oldeøyra i 1957.
starta manufakturforretning i Stryn i 1959.
Utvikfjellet Alpinsenter
opna 1963 - sjå "
Idretten i Stryn".
Vestgods
skipa i 1969 - sjå
Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L.
Stryn Sommarskisenter
på Strynefjellet opna alpinanlegget i 1972 - sjå "
Idretten i Stryn".
Havnen AS
frå 1977 – sjå
Agnes K. Dobakk Fjærestad.
Ytre-Eide Sport AS
sjå
August Ytre-Eide .
Grunnlagt i 1987 av eidaren Aslak Lefdal då han kjøpte det fråflytta slakteriet til Nordfjord Kjøtindustri og starta agentur for øl og mineralvatn. Sjå
Forretningsfamilien Lefdal.
vart starta i Stryn i 1990 av Arve Espelund.
vart skipa i Innvik i 1991 av Olav Rune Haugen, og vart omgjort til aksjeselskap i 1996.
Nordfjord Service Terminal A/S
i Olden bygd 1992 – sjå
Forretningsfamilien Lefdal.
NorDrikk AS
– sjå
Forretningsfamilien Lefdal.
Nor Marine AS
– sjå
Forretningsfamilien Lefdal.
LefdalGruppen
– sjå
Forretningsfamilien Lefdal.
Sjøbua Mat AS
daglegvarehandel i Utvik vart skipa i 1997 av Bente Skrede og Anne Kristin Aaland. Sistnemnde tok over drifta åleine i 2007. Butikken held til i det tidlegare Utvik fruktlager, og same bygget husar også den dugnadsstyrte Kafé Sjøatunet.
Fjord1 Nordfjord – Ottadalen
sjå
Nordfjord og Sunnmøre Billag L/L.
Vinmonopol
Stryn fekk Vinmonopol i 2002.
Kr. A. Vik AS
røyrleggjarfirma vart skipa i Stryn i 2002 av Kristian Vik. I 2006 starta firmaet avdeling på Nordfjordeid.
er eit kjøpesenter som vart bygd i Stryn sentrum i 2003. Kjøpesenteret inneheld 16 butikkar.
Tectysafe AS
– sjå
Sandblåsing A/S.
Moods of Norway AS
vart skipa i Stryn i 2005 av moteskaparen
Simen Staalnacke (f. 1976). Firmaet har hatt stor suksess både i Noreg og utlandet med sal av kle med spesiell og fargerik design.
North Atlantic Boats AS
på Visnes i Stryn vart skipa i 2005 av Hans Markus Ulvedal. Firmaet sel fritidsbåtar, og hadde i 2006 ei omsetning på 24 millionar kroner. I 2007 overtok firmaet eit bygg på 1700 kvadratmeter på industriområdet i Vik. Bygget hadde tidlegare husa ei avdeling av Stryn vidaregåande skule.
Fjord Inkubator
vart opna i Stryn i 2006. Fjord Inkubator (d.e. ”rugekasse”) er eit felles tiltakskontor for fleire lokale tiltakskontor og næringshagar i Sogn og Fjordane, og skal hjelpe fram nye forretningsidear.
A-Vista
interiørbutikk i Stryn vart starta av Inger Langvik og Marit Sandnes Skrede i 2006. Verksemda driv også prosjektering, sal og oppføring av bustad- og fritidshus.
Stryn Torg
- sjå
Stryn Amfi.