|
Høyanger skule |
Dei første skulane
Den første norske skulelova frå 1739 sette som mål at alle born skulle lære å lese, skrive og rekne. Kyrkjebø sokn vart delt inn i seks "krinsar" for omgangssskule. I 1835 fekk Lavik fastskule, og Kyrkjebø i 1867. Bjordal fekk skulehus i 1893, Høyanger 1898, Måren 1900, Vadheim 1902, Ortnevik 1904, Instevik 1913, Berge 1917, Søreide 1919, Norevik 1922.
Frå 1891 starta arbeidet med innføring av nynorske lærebøker i skulen i Kyrkjebø kommune.
Før anleggsarbeidet starta, var det kring 20 elevar i skulehuset frå 1898.
Den første barnehage i Sogn og Fjordane vart starta i Høyanger like etter 2. verdskrig.
I 1922 starta Lavik kommune husmorskule i Lavik.
I 1920 var det starta ein folkehøgskule i Vadheim under namnet Ytre Sogn Folkehøgskule.
9-årig ungdomsskule
vart innført i Høyanger i 1966. Det nye skulesenteret i Høyanger vart teke i bruk i 1976.
Kommunale skular i år 2001:
Høyanger skule (1.-10. kl.) 405 elevar
Kyrkjebø skule (1.-7. kl.) 55 elevar (p.g.a. ombygging er elevar mellombels førde over til skulane i Høyanger og Vadheim)
Vadheim skule (1.-7. kl.) 31 elevar
Lavik skule (1.-10. kl.) 71 elevar
Ikjefjord skule (1.-4. kl.) 6 elevar
Bjordal skule (1.-10. kl.) 45 elevar
Ortnevik skule (1.-7. kl.) 9 elevar