SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Industri og næring i Høyanger


Publisert 19.10.2001 09:28. Oppdatert 15.02.2008 08:31.

· Landhandlar i Høyanger
· Fossekjøparane i Høyanger
· Bankar og trygdelag i Høyanger
· Gjestgjevarstader i Høyanger
· Trevareverksemder i Høyanger

INDUSTRI - sjå Historia i Høyanger:

· Norsk Aluminium CO - NACO
· Årdal og Sunndal Verk (ÅSV)
· Hydro Aluminium Høyanger Metallverk (Hydro)
· Slugfabrikken
· Felgfabrikken Fundo

ANDRE VERKSEMDER:

Handelsstaden Værholmen

Frå midt på 1700-talet var Værholmen vest for Lavik ein av dei største handelsstadane i ytre Sogn.

Sjur i Veim, grunnleggjaren av Vadheim

Sjur Hansen Vadem - på folkemunne kalla "Sjur i Veim" - starta i 1854 landhandel i Vadheim, og bygde i 1857 dampskipskai for å ta imot Fylkesbaatene då dei starta rutene i 1858.

Peder Larsens shoddyfabrikk

Peder Larsen starta i 1872 ein liten shoddyfabrikk ved Dyrneslielva (Sagelva) i Vadheim.

A/S Høyangsfaldene

skipa i 1915 - sjå Norsk Aluminium CO - NACO.

Vadheim Elektrochemiske Fabrikker

Ved sida av British Aluminium Company sitt aluminiumsverk i Stongfjorden, var Vadheim Electrochemiske Fabrikker den første kraftkrevjande industrien i Sogn og Fjordane då den starta i 1907.

Forretningsfamilien Øren

- familie med næringsdrivande i Høyanger.

A/S Hjetland og Sollesnes

Skipa 1916. Forretninga selde klede og sko, og var radioforhandlar.

Johs. Hellebø

starta i 1922 pensjonat i Lavik. Hellebø dreiv også møbelsnekkeri.

Høyanger Matstove

Særmerkt serveringsstad som heldt til i ei gamal ljorestove flytta frå sørsida av fjorden.

Brørne Holen Handelsgartneri

i Høyanger vart skipa i 1931, og hadde frå starten eige veksthus.

Høyanger Meieri

vart skipa i 1932, og hadde over 200 leverandørar på det meste. Meieriet vart slege saman med Bergensmeieriet i 1965, og nedlagd i 1986.
Bergensmeieriet avd. Høyanger på 1950-talet.

Levendefiskhallen

vart starta i Høyanger i 1946 av Frantz Borch. Firmaet hadde 3 personar i arbeid, og selde m.a. levande fisk frå kummar. Dei leverte også fisk til hotella i Balestrand og til Årdal.

Høyanger Apotek

vart skipa i 1957.

Osland Havbruk AS

(tidlegare Eros Laks) i Bjordal driv anlegg for stamfisk, settefisk og oppdrettsfisk.

Nordeide Transport A/S

vart grunnlagt i 1970 av Svein Rune Nordeide. I år 2000 hadde firmaet 11 vogntog, 17 tilsette og ei omsetning på 20 millionar kroner. Gjekk konkurs i 2001.

Østerbø Maskin A/S

Skipa 1974. Verksemda produserer elektromekaniske produkt og produkt til landbruk og havbruk, og er den største arbeidsplassen på Høyanger sørside.

Massnes Villmarksmuseum

vart skipa i 1984 av Olav Fridtun. I 1992 bygde Fridtun museumsbygg der ein kan sjå eit stort tal utstoppa norske pattedyr og fuglar. Om våren kan ein oppleve tiur og orreleik i dyrehagen.

Ytredal Holding AS

vart skipa av Werna Ytredal frå Vadheim i 1984, og har drive som eigedomsselskap i Vadheim og Høyanger, der firmaet m.a. har eigd fleire større sentrumsgardar og bustadhus.

Per A. Øren AS

– sjå Forretningsfamilien Øren.

Torbjørn Lavik

starta bensinstasjon i Lavik i 1988 då han overtok Esso-stasjonen etter firma Ivar T. Kvammen.

Lavik Auto Senter AS

- sjå Torbjørn Lavik .

Høyanger Næringsutvikling

vart skipa i 1989 for å hjelpe fram nye verksemder i kommunen. I 1993 vart Sørsida Idebank skipa som underavdeling for å drive tilsvarande etableringsarbeid på sørsida av fjorden.

Fjorddesign A/S

i Torvund vart skipa i 1990 av Rune Hjelmeland og Wenche Glomsaker. Verksemda produserer skipsinnreiingar og driv møbeltapetsering, og hadde i år 2000 ei omsetning på 9 mill. kroner.

FjordTrykk

i Høyanger vart skipa som aksidenstrykkeri i 1997, då trykkeriet til tidlegare Sogn Dagblad vart lagt ned. Verksemda gjekk konkurs i 2005.

POW Productions AS

vart skipa i Høyanger i 1998 av Bjarte Johansen og Arve Ullebø då dei tok over Høyanger foto. Etter kvart har verksemda dreie mykje over til reklame- og PR-byrå og musikkproduksjon. POW har starta produksjon av trykksaker etter at Fjord Trykk la ned drifta. I 2006 har POW fem tilsette.

Overflateteknikk AS

vart skipa i Høyanger i 2002 av dagleg leiar Jonny Litzheim med fleire.

ERAS Metal

Skipa i 2003 og starta frå nyttårskiftet 2003/2004 ein fabrikk for attvinning av sink frå stålproduksjon.

Eras Metall AS

– sjå ERAS Metal.

KvalitetsLosen AS

er eit datafirma som vart skipa i Høyanger i 2004 av John Tonheim og Jan-Erik Gullheim. Høyanger kommune er også aksjeeigar. Verksemda har spesialisert seg på å levere dataprogram for styring, internkontroll og rapportering i kommunesektoren. I 2006 har verksemda seks tilsette og ei omsetning på kring fem millionar kroner.

Vadheim Industrier AS

vart skipa i 2006 og produserer eit spesielt stoff som skal suge opp væta i fiskekasser. Verksemda er leia av Knut Rødsæther, har fem tilsette og held til i Vadheim Næringspark der den tidlegare treforedlingsfabrikken VeTreFo låg.

Tape Invent AS

i Vadheim vart skipa i 2004 av Tor Arne Skeie, Odd Arne Larsen og Frank Lian. Firmaet startar produksjon av såkalla cornertape for våtrom frå årsskiftet 2006–2007 i den nedlagde vegstasjonen i bygda. Det er teke ut patent på produktet i fleire land. Verksemda får seks tilsette.

Vinmonopol-utsal

fekk Høyanger i 2007, som det niande i fylket etter Førde, Eid, Sogndal, Florø, Måløy, Stryn, Årdal og Sandane.

MEIR OM HØYANGER 
Høyanger kommune

 
Aviser og media i Høyanger
Historia i Høyanger
Industri og næring i Høyanger
Kjende personar i Høyanger
Kommunehistoria i Høyanger
Krigshistoria i Høyanger
Kyrkjer i Høyanger
Samferdsle i Høyanger
Skular i Høyanger
Verd å sjå i Høyanger

 
Video frå Høyanger
Lyd frå Høyanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no