SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kjende personar i Årdal:

William Cecil Slingsby

Slingsby var førstemann på Store Skagastølstind til høgre. (Foto: Arild Nybø © 2003)
Slingsby var førstemann på Store Skagastølstind til høgre. (Foto: Arild Nybø © 2003)
William Cecil Slingsby (1849–1929). Britisk fjellklatrar og skribent.

Publisert 04.12.2001 13:55. Oppdatert 04.09.2008 10:29.
Slingsby kom frå ein rik overklassefamilie i Yorkshire i England som dreiv spinneri. Slingsby leia i alt 15 fjellturar til Noreg i åra frå 1872 til 1903, og vert rekna som ein av dei fremste pionérane i norsk tindesport. Den mest kjende bragden var då han i 1876 var den første som nådde toppen på Store Skagastølstind. Utgangspunktet for denne ekspedisjonen var Avdal i Øvre Årdal.

Seks gonger i Årdal

Slingsby nytta mykje den gamle skysstasjonen på Årdalstangen for ekspedisjonane sine i Jotunheimen. Denne skysstasjonen vart seinare Klingenberg Hotell, og i gjesteboka går det fram at Slingsby gjesta Årdal seks gonger. I 1875 tok Slingsby med systera Edith, som vart den første kvinnelege alpinturisten i Jotunheimen.

Klatra med Anfinn Vetti

I 1877 var han den første som klatra Stølsnostind saman med Anfinn Vetti frå Årdal. På førstegongsbestigningane av Austre Torfinnstind, Galdebergstind, Uranostind, Slingsbytind og Jervasstind i Jotunheimen i 1876 var Slingsby i fylgje med nordmannen Emanuel Mohn.

Utforska Jostedalsbreen

I 1874 gjorde Slingsby den første av fleire ekspedisjonar på Jostedalsbreen som han utforska både frå Nordfjord- og Sogne-sida. I 1881 gjekk Slingsby i fylgje med jostedølen Johannes Vigdal frå Tunsbergdalen i Jostedal til Høgste brekulen og ned den farlege Kjenndalsbreen til Lodalen. Same året gjorde dei to førstegangsbestigning av Store Hellstugutind og Mjølkedalstinden. I 1884 klatra Slingsby til toppen av Lodalskåpa frå Olden-sida saman med Lars Jensen Batalden (Batalde-Lars) og Jens Rustøen frå Olden.

Også tindane rundt Ålfotbreen

I 1894 utforska Slingsby den lite kjende brearmen Austerdalsbreen saman med breførar Mikkel Mundal frå Fjærland, og hadde elles fleire turar på breen saman med Mundal.
William Cecil Slingsby klarta også på dei høgste tindane kring Ålfotbreen (sjå Kjende fjellklatrarar kring Ålfotbreen, Bremanger kommune), og vitja også Hornindal fleire gonger på ekspedisjonar til Sunnmørsalpane og fjella kring Hornindal og Sunnylven. Slingsby klatra også i Nord-Noreg.

Æresmedlem i DNT

William Cecil Slingsby vart utnemnd til æresmedlem i Den Norske Tindeklub i 1908, og til æresmedlem i Den Norske Turistforening i 1909.

Gav ut bøker om norske fjell

Frå klatreekspedisjonane sine i Noreg skreiv Slingsby “The Northern Playground” (Edinburgh 1904), og i norske utgåver “Til fjells i Norge” (i norsk utgåve ved Thor Bryn, Cappelen 1966) og “ Norge den nordlige arena. Skisser til tindebestigninger og oppdagerferder i norsk natur mellom 1872 og 1921” (utvida og revidert utgåve ved Jan Schwartzott, Grøndal/Dreyer 1998).


Sjå også:
· Slingsby på Jostedalsbreen


MEIR OM ÅRDAL 
Årdal kommune

 
Aviser og media i Årdal
Historia i Årdal
Industri og næring i Årdal
Kjende personar i Årdal
Kommunehistoria i Årdal
Krigshistoria i Årdal
Kyrkjer i Årdal
Samferdsle i Årdal
Skular i Årdal
Verd å sjå i Årdal

 
Lyd frå Årdal
Video frå Årdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no