SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Verd å sjå i Lærdal

Fleire stader langs bilvegen gjennom Lærdalsdalen kan ein sjå dei gamle vegane og bruene. (Foto: NRK)
Fleire stader langs bilvegen gjennom Lærdalsdalen kan ein sjå dei gamle vegane og bruene. (Foto: NRK)

Publisert 14.01.2002 09:16. Oppdatert 28.08.2006 08:41.
Fjellhall i Lærdalstunnelen.

Lærdalstunnelen

Lærdalstunnelen - verdas lengste vegtunnel på 24,5 kilometer.

Lærdalsøyri

med gamle verna bygningar frå 1700- og 1800-talet langs den gamle gata. (Sjå: Gamle bygningar i Lærdal.)

Historisk utstilling

i Gamlebanken på Lærdalsøyri om Lærdal som turistbygd.

Norsk Villakssenter

på Lærdalsøyri viser villaksen i sitt rette element og historia til sportsfisket og Lærdalselva.

Storgarden Rikheim

Rumohr-slekta sitt hovudsete i Sogn, og største eigedomen på Vestlandet. Hovudhus frå 1826 og kjempestor låve frå 1800-talet i fire høgder. 9 hols golfbane på eigedomen.

Skoggodset Frønningen

Med herskapshus frå 1880-talet, samling av gamle hus frå Sogn og gamal oppgangssag.

Vatningsveiter ved Lysne

Restaurerte vassveiter på fleire kilometer som forsynte gardane med jordbruksvatning (sjå: "Vatningsveiter og gjødseltranport").

© O.Bosheim

Vegen i Sæltåsen og Steineåsen ved Galdane

Fleire vegar sette i stand og godt merkte. Sjå buplassane til vegarbeidarar frå 1845 under kjempesteinane i ura.

Gjesmegalleriet

på Lærdalsøyri med kunstsamling etter biletkunstnaren Hans Gjesme (1904-1994). Held til i bygningen "Telegrafen". Frå 2004 er Gjesme-galleriet ein del av Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Husmannsplassen Galdane

Restaurert husmannsplass i den stupbratte lia, synleg frå Europavegen forbi Galdane.

Husum hotell. (© Fylkesarkivet)

Husum Hotell

- tradisjonsrik skysstasjon og hotellbygningar frå ca. 1850.

Olavsklemma i Galdane

- der Olav den heilage etter segna fekk hesten til å utvide ei smal fjellkløft. Olavsklemma er eigentleg ei jettegryte skapt av elva.

Hovudvegen frå middelalderen

mellom Austlandet og Vestlandet, seinare postveg frå 1647. Er synleg over Sæltåsen/Steineåsen og som "Sverrestigen" mellom Husum og Borgund.

Kongevegen

frå 1793 kan ein sjå restar av fleire stader langs Lærdalselva, særleg frå Galdane og austover mot Filefjell. På Filefjell ser ein vegen som "Jakobstigen" ved Maristuen og Stiftsstøtta på Filefjell på grensa mellom "Bergen" og "Aggershus" stift midtveges på fjellet.

© Fylkesarkivet

Vindhellavegen

- restaurert hovudveg frå 1843 over den stupbratte Vindhella. Er rekna som eit meisterstykke i ingeniørkunst frå si tid. Også Kongevegen frå 1790-åra kan ein sjå merke etter her.

Borgund stavkyrkje.

Borgund stavkyrkje

Nasjonalklenodiet Borgund stavkyrkje frå 1100-talet med frittståande klokketårn frå 1250 er eit av dei best besøkte turistmåla i Noreg.


MEIR OM LÆRDAL 
Lærdal kommune

 
Aviser og media i Lærdal
Historia i Lærdal
Industri og næring i Lærdal
Kjende personar i Lærdal
Kommunehistoria i Lærdal
Krigshistoria i Lærdal
Kyrkjer i Lærdal
Samferdsle i Lærdal
Skular i Lærdal
Verd å sjå i Lærdal

 
Lyd frå Lærdal
Video frå Lærdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no