SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Industri og næring i Lærdal

Gamle Lærdal. (Foto: NRK)
Gamle Lærdal. (Foto: NRK)

Publisert 16.01.2002 11:30. Oppdatert 02.05.2007 08:11.

MENYAR:
· Gjestgjevarstader i Lærdal
· Landhandlar i Lærdal


ENKELTOMTALER:



Erdal Mølle

i Erdal vart bygd i 1837 og er ei av dei eldste industriverksemder i fylket som enno i år 2001 er i drift.

Lærdal Apotek

vart skipa i 1843 som det første apoteket på landsbygda i Noreg.

Forretnings- og hotellfamilien Lindstrøm

Lindstrøm Hotell på Lærdalsøyri er eitt av dei eldste og mest særprega hotellanlegga i Sogn og Fjordane.

Lærdal Sparebank

vart skipa i 1861.

Lærdal og Borgund Branntrygdelag

vart skipa i 1890.

Øren Meieri

på Lærdalsøyri vart bygd i 1890 etter opptak frå godseigar Tøger Ravn. Sjå "Trevaren A/S".

Lærdals Mineralvandfabrikk

vart starta kring 1900 av Aasen og Kvigne på Urasanden bryggje ved "Habben". Her var brusfabrikken ein av fleire leigetakarar i huset på Ørnebryggja (sjå "Konkurranse om rutefarten"). Også starta her.

Skofabrikk i Lærdal

Gullak H. Hovland frå Vadheim starta i 1886 skomakarverkstad på Lærdalsøyri, og bygde etter kvart ut ein liten fabrikk med åtte tilsette.

Borgund Sparebank

på Steinklepp vart skipa i 1916 etter opptak frå lensmann og kaptein Anders Næsset.

Bakeri på Lærdalsøyri

Otto Ravn Ottesen (1885-1969) dreiv frå 1917 bakeri på Lærdalsøyri, der han først leigde eit bakeri. Seinare kjøpte han Lars Frugårds bakeri (starta på 1890-talet) og starta også kjeksfabrikk. Han leverte m.a. til Bergen, men la ned omlag då Lærdal og Borgund Produksjonslag starta sitt bakeri.

Trevaren A/S

på Lærdalsøyri vart skipa 1922 av Anders Aarethun, Per Lem, Severin Gullaksen og Elling Hovland.

Byggmeister på Ljøsne

Henrik P. Ljøsne starta som bygmeister i 1928 på Ljøsne, og hadde fleire store byggeoppdrag i kommunen, m.a. skulen på Ljøsne. Byggefirmaet hadde åtte tilsette.

Hans Jakobsen

bygde slakteri og kai i Sagøyna i Erdal i 1935 med støtte frå Rieber-konsernet i Bergen. Slaktedyr vart samla i ei inngjerda kvie i Glipabakkane. Slakteriet var i drift i fire år.

Lærdalssko

Ingvald Bruheim starta i 1938 produksjon av Lærdalssko og beksaumstøvlar på Lærdalsøyri. Han hadde 5 personar i arbeid.

Byggmeister Olav Skogen

Olav Skogen starta i 1945 som byggmeister i Lærdal. Verksemda vart raskt eit av dei store bygningsfirma i Sogn med opptil 30 tilsette på større oppdrag, med hovudtyngda i Årdal.

Nedberge & Bøe

Kristian Nedberge starta i 1945 møbelbutikk i ei brakke ved kaia på Lærdalsøyri saman med kompanjongen Sjur Bøe under firmanamn Nedberge & Bøe. Etterkvart bygde han også ut kafe og pensjonat. Sjå Lærdal Hotell.

Lærdals Bygningsartikkelkompani AS

vart skipa 1946 av Aslak Maristuen, Ola Kvenshagen og Dagfinn Natvik.

Kristoffersen & Lindesteg Skomakarverkstad

i Lærdal vart skipa i 1947 av Kr. Kristoffersen og E. Lindesteg. Verksemda produserte Lærdalssko og randsydde sko og hadde tre tilsette.

Gjerpe & Linja

frå Oslo starta i 1947 røyrleggjarforretning i Lærdal, og hadde fem personar i arbeid. Seinare overtok Per Offerdal og Kjell Windedal forretninga, og dreiv fram til 1960.

Sogn Betongindustri

starta i 1947. Firmaet hadde fabrikk i Erdal og produserte bygningsblokka "Vigroblokk".

Lærdal Fabrikker L/L

var ein betongvarefabrikk som vart skipa i 1948 og dreiv nokre få år, først på Lærdalsøyri og seinare på Håbakken på Tønjum. Styrar var Thomas Eri.

Lærdal og Borgund Produksjonslag

vart starta 1950 av dei tre samvirkelaga i Lærdal, Ljøsne og Borgund. Laget dreiv bakeri og konditori på Lærdalsøyri og var knytt til kooperasjonen i Noreg. Dei overtok og dreiv ei tid også slaktarbutikk på Lærdalsøyri. Bakeriet vart nedlagd kring 1980. Eigedomen vart seld i 1989.

Lærdal Bygg

- sjå Lærdals Bygningsartikkelkompani AS.

Slakteri i Borgund

A.A. Andersen frå Drammen dreiv frå ca. 1950 til 1967 eit lite slakteri i Borgund. To menn frå bygda var leigde inn som slaktarar.

Einemo på Lærdalsøyri

Oddmund Einemo på Lærdalsøyri starta tidleg på 1950-talet som maskinentreprenør. Frå 1970 til 1975 dreiv han også bensinstasjon, bilforretning og bilverkstad. Entreprenørdelen av verksemda vart driven vidare av sonen Jetmund Einemo.

Fretland Bygg AS

- sjå Lærdals Bygningsartikkelkompani AS.

Lærdal Frukt og potetlager P/L

vart bygd i 1956 på Lærdalsøyri, og var eit samvirketiltak for bønder i dalen.

Slakteri og kjøtbutikk ved Øyragata

Hans Kvigne og Aron Brunborg frå Evanger bygde i 1956 eit murhus ved Øyragata på Lærdalsøyri og starta slakteri og kjøtbutikk. Verksemda vart avvikla etter kort tid.

Maskinentreprenør Voll-Lunde

Anders Voll-Lunde på Tønjum starta som maskinentreprenør i 1958, den første tida med leigekøyring for jordbruket. Seinare er verksemda utvida med større gravemaskiner, hjullastarar og lastebilar, og har 4-5 tilsette. Sjå også Sogn Betongindustri.

Bilverkstad på Steinklepp

Ottar Sprakehaug bygde i 1965 verkstad og bensinstasjon på Steinklepp i Borgund, og hadde også bilbergingsteneste. Verksemda la ned i 1990.

Oskar Brugrand

starta transport- og maskinentreprenørforretning på Ljøsne i 1965. Verksemda vart askjeselskap i 1995, og driv m.a. med langtransport og renovasjon for SIMAS i heile Sogn vestover til Lavik. I 2001 hadde verksemda 10 tilsette og ei omsetning på 9 millionar kroner.

Grønsberg & Sønner A/S rørleggjarforretning

vart skipa i Aurland i 1955 av Ivar Grønsberg, som flytta verksemda til Lærdal i 1963. Verksemda har i 2001 åtte tilsette og ei omsetning på 10 millionar kroner. Verksemda har arbeidsoppdrag i Indre Sogn, Voss, Hallingdal og Valdres.

BAMA Produksjonslag

- sjå Lærdal Frukt og potetlager P/L.

Bergen & Drægni Produkter AS

bygde i 1979 ein stor konservesfabrrikk på Lærdalsøyri.

West Maskin

vart skipa i 1981 av Bjarne Brækken. Verksemda driv mekanisk verkstad på Håbakken og har spesialisert seg på karosseri-arbeid. Verksemda er seinare overteken av sonen Olav Brækken Natvik.

Sunco/Heistad

- sjå Bergen & Drægni Produkter AS.

Lærdalsmat A/S

vart skipa i 1992 av Kjell Tore Grøthe. Han starta i 2000 Laksen Pub og Restaurant i Norsk Villakssenter. Lærdalsmat har har frå midten av 1990-talet drive butikk og røykeri på Årdalstangen. I 2005 vart namnet endra frå Lærdalsmat til Sognefjord Gourmet.

Lerum Fabrikker AS - avdeling Lærdal

leigde frå 1994 den nedlagde konservesfabrikken som Bergen & Drægni Produkter AS bygde i 1979. Lerum-gruppen kjøpte anlegget i 1999 og nyttar det til lager og fryseri, og som sorteringssentral for tomgods. Det arbeider 17 personar ved anlegget.

Lærdal Grønt BA

- sjå Lærdal Frukt og potetlager P/L.

MEIR OM LÆRDAL 
Lærdal kommune

 
Aviser og media i Lærdal
Historia i Lærdal
Industri og næring i Lærdal
Kjende personar i Lærdal
Kommunehistoria i Lærdal
Krigshistoria i Lærdal
Kyrkjer i Lærdal
Samferdsle i Lærdal
Skular i Lærdal
Verd å sjå i Lærdal

 
Lyd frå Lærdal
Video frå Lærdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no