SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Kommunehistoria i Flora

Florø by. Det gule bygget er Quality Maritim Hotel som har restaurert Haavebua til høgre. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Florø by. Det gule bygget er Quality Maritim Hotel som har restaurert Haavebua til høgre. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Ved innføring av formannskapslovene i 1837 fylgde grensene til Kinn kommune stort sett dei same grensene som no gjeld for storkommunen Flora.

Publisert 22.01.2002 10:39. Oppdatert 18.01.2007 11:35.
LYD OG VIDEO  Lyd Video

Florø by 1860

I 1858 vart det i statsråd sett ned ein kommisjon som skulle vurdere skiping av ein by (ladested) i ytre Sunnfjord. Bakgrunnen var først og fremst den store aktiviteten som det eventyrlege sildefisket kring Kinn skapte, og trongen for offentleg og privat sørvis til den store fiskeflåten i sesongen.

Til då hadde Bergen og kjøpmennene der kontrollert det meste og hausta inntektene av det rike fisket. Difor kjempa stortingsmennene frå Bergen ein hard kamp imot byplanane i Sunnfjord.

Lokaliseringa

Industrialisering og økonomisk vekst gjorde at det midt på 1800-talet vart skipa ei mengd ladested, eller byar, i Noreg. Over 25 tettstader fekk bystatus i åra frå 1830 til 1866. Dei fleste kom i fiskeridistrikta langs kysten, der også skipsfarten spela ei viktig rolle.

Då politikaren Hans Jensson Blom vart sokneprest i Kinn prestegjeld i 1854, tok han straks opp tanken om å skipe ein by nær sildefelta i ytre Sunnfjord. Blom vart vald til ordførar i Kinn kommune, og fekk støtte frå futen i Sunnfjord og Nordfjord, Jens Zetlitz Magnus, då framlegget om by vart fremja for amtstinget (fylkestinget) i Nordre Bergenhus i juli 1858. Dei fekk samrøystes støtte frå både amtmann og folkevalde.

Regjeringa skipa same året ein kommisjon som skulle greie ut kva stad som høvde best som by i ytre Sunnfjord. Føresetnadane var at byen skulle liggje nær skipsleia og så nær fiskeværa som råd var. Ein eigen hamnekomite sette opp ei prioritert liste ovar stader som kunne høve: Flokenes sør for utløpet av Førdefjorden, Sauesund på Atløy, Florelandet, Veiesund nord for Stavang, og ”maaske Svanøe” som det heitte i vurderinga.

Kommisjonen valde å konsentere seg om Florelandet og Flokenes. Her fann ein ei god hamn like ved kystleia. Hamna låg nær til fiskefelta, og tomtetilhøva låg godt til rette fordi mesteparten av byen kunne byggjast på to større gardar. Stortinget gjorde vedtak om skiping av Florø som ladestad 16. mai 1860.

Mykje av æra for at Florø vart vald, hadde formann i kommisjonen, Hans Jensson Blom, sokneprest i Kinn og ordførar i Kinn kommune frå 1854. Han var også ein akta stortingsrepresentant. Hans Blom har fått oppkalla ei bygate etter seg.
Florø ca. 1890. Foto: Wilse, Norsk Folkemuseum

Bynamnet: Florø eller Florøhavn?

Kommisjonen hadde gjort framlegg om at den nye byen skulle heite Florøhavn, men etter benkeframlegg frå dei misnøgde stortingsrepresentantane frå Bergen, vart det vedteke at byen skulle heite "berre" Florø.

Styrd av andre.

Den nye bykommunen var knøttliten: 720 dekar samla areal, og langs stranda strekte den seg 1,5 kilometer. Byen hadde knapt nok innbyggjarar til å setje saman sitt eige bystyre. Difor vart byen styrd av Kinn kommunestyre frå skipinga 1860 til 1865, då det første bystyret vart vald.
Første ordførar i Florø var distriktslegen Ude Jacob Høst. Han var ordførar til 1873. Men byen fekk også magistrat. Dette var eit statleg embete som var ein kombinasjon av dagens rådmenn og lensmenn, og som vart avvikla i 1922. Ei av dei første store sakene var byggjing av "Kanalen" (ved noverande symjehall), slik at folk sørfrå kunne kome lettare med båt til byen, i staden for å runde det verharde Havreneset. Kanalen på Eide vart opna 1873.

Naudsår og landsinnsamling.

Like etter byskipinga svikta sildefisket, og byen og distriktet kom i så stor armod at det i 1875 vart sett i gang landsinnsamling for å hjelpe dei fattige i Florø og Kinn (sjå også – landsinnsamlinga etter storbrannen på Vikøyri 1838 - Vik kommune).

Økonomien betra seg då det på 1880-talet kom eit sterkt oppsving i torskefisket (sjå "Fiskeværet Kalvåg"), og ein del kjøpmenn i Florø satsa på fiskekjøp i Nord-Norge og havgåande fiskedampskip som kunne drive fiske på dei store bankane (sjå "Fiskerihistoria i Flora").

Byen bygde staseleg rådhus i Strandgata i 1903, teikna av arkitekt Andreas Hansen. Dette vart reist m.a. på tomta til Sandahl-huset, der bystyret til då hadde hatt møta sine.
Rådhuset husa også telegrafstasjonen, der det i 1922 braut ut brann, og berre yttermurane av rådhuset stod att. Huset vart gjenreist og litt utvida, og tener framleis som rådhus for Flora.

Kinn vert delt i tre.

Den vesle byen var kringsett av Kinn kommune på alle kantar. Kinn kommune bygde sitt kommunehus i 1897 ved Likkjevatnet på Florelandet, like ved bygrensa. Det husa også Kinn Sparebank. Etter svikt i fisket og økonomisk ruin m.a. etter Ålfotsaka vart Kinn kommune sett under statleg administrasjon. Som ein fylgje av dette, vart den store Kinn kommune i 1923 delt opp i tre mindre kommunar:

· Kinn kommune

som grovt sett omfatta Florelandet (utanom bykommunen Florø), kyststrekninga Årebrot-Husefest på fastlandet, og øyane Askrova, Reksta, Kinn, Skorpa, Batalden og Hovden.

· Bru kommune

som omfatta "midtpartiet" av noverande storkommune; frå og med Svanøy og Stavøy i sør til og med Norddalen i nord. Ingen annan kommune i fylket har hatt ei så merkeleg og naturstridig arrondering som Bru; oppdelt av tre større fjordarmar, utan vegsamband og båtruter innbyrdes.

· Eikefjord kommune

som omfatta bygdene frå Standal i sør, bygdene kring Høydalsfjorden og Eikefjorden og dalføret mot Ramsdalsheia. Med unntak av nokre få private kraftverk, var heile kommunen utan elektrisk kraft til Firdakraft bygde Øksenelvane kraftstasjon i Nordfjord i 1953 (sjå "Kraftforsyninga i Flora"). Berre Jostedalen kommune (sjå Luster kommune) var seinare ute.

Storkommune på nytt

Ved kommunereguleringa i 1964 vart det rydda opp i det geografiske kaoset: Bykommunen Flora vart ein slags "gjenskapt" Kinn kommune, samansett av dei fire kommunane Eikefjord, Bru, Kinn og Florø by, med Florø som administrasjonsstad.
Tidlegare ordførar i Kinn, bonde Odd Færøyvik vart første ordførar i storkommunen 1964-1971.

Sjukehussak og lokalpolitisk drama.

Den mest dramatiske hendinga i politikken i Flora bar til i 1971, då arbeidarpartiregjeringa til Trygve Bratteli vedtok bygging av sentralsjukehus i Førde og nedlegging av m.a. Florø sjukehus. Vedtaket førte til masseutmelding av Flora Arbeiderparti, med ordførarkandidat Mons Monsen i spissen. Statsminister Bratteli kom sjølv til Florø for å roe opprøret, men vart møtt med faklar og protestrop. Mons Monsen vart vald til ordførar på ei samlingsliste som fekk reint fleirtal i bystyret.

Kommunegrenser

I dag grensar Flora kommune mot Bremanger ved Husefest og Magnhildskaret, mot Gloppen ved Løkkebøvatnet, mot Naustdal kommune ved Vevring og i Naustdalstunnelen og mot Askvoll i Førdefjorden mellom Svanøy og Grimelid. – Og Flora kommune har framleis tre sildar i kommunevåpenet!

Politisk leiing:
· Ordførarar i Flora



MEIR OM FLORA 
Flora kommune

 
Aviser og media i Flora
Historia i Flora
Industri og næring i Flora
Kjende personar i Flora
Kommunehistoria i Flora
Krigshistoria i Flora
Kyrkjer i Flora
Samferdsle i Flora
Skular i Flora
Verd å sjå i Flora

 
Lyd frå Flora
Video frå Flora
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no