Heilt frå 1500-talet hadde lærdølene vore fri militærtenesta fordi dei hadde så mykje pliktarbeid på Kongevegen. I 1802 gjorde lærdølene oppstand mot kongens pålegg om at dei skulle gjere militærteneste.
Ein straffeekspedisjon arresterte leiarane for oppstanden, og
Anders Olson Lysne vart avretta. (Les meir under:
Filefjell - hovedvegen aust-vest).
Jonas Henriksen frå Røyrnes var 2,12 meter høg og vart difor soldat i garden til preussarkongen Fredrik Wilhelm på 1700-talet.
Leirdalske lette infanterikompani
Leirdalske Skiløbercompagnie vart skipa 1801, og endra i 1802 namn til Leirdalske lette Infanterikompani. Første kommandant var kaptein Thomas Fasting med premierløytnant
Claus von Munthe av Morgenstierne Pederson Rumohr som nestkommanderande. Fasting vart avløyst av kaptein
Wilhelm Jürgensen i 1802. Den første "eksisen" på Øyramoen like ved Lærdalsøyri var i 1802. I 1805 vart det bygd eit såkalla telthus, dvs. eit militærlager på eksersisplassen. Dette er no i bruk som stabbur på Hjermannsgarden på Stødno. På Brattegjerdet aust for Hauge kyrkje, like ved eksersisplassen, voks det opp ein liten "landsby" der det m.a. budde handverkarar som fekk arbeidsoppdrag frå det militære.
|
Leirdalske lette infanterikompani med kaptein Jürgensen i spissen (4de kompani Sogn linjebataljon) stormar fram mot svenskane i 1808. (Utgjeve i 1901 på © Kristiania Lit. Aktiebolag) |
Under Napoleons-krigane vart Leirdalske lette Infanterikompani send til svenskegrensa i 1808-1809 og 1813-1814 under leiing av kaptein, seinare major
Wilhelm Jürgensen. Ved begge høve kom Lærdals-kompaniet i hard strid, og mange soldatar og offiserar fekk Dannebrogsordenen for heltemodig innsats.
I 1902 vart det etter opptak frå oberst
Henrik Angell reist ei minnestøtte på Øyramarki over det tapre kompaniet. Angell skreiv også boka om "Kaptein Jürgensen og leirdølene hans". Ekserserplassen og Det Leirdalske lette Kompani vart nedlagt i 1878, då eksersisplassen for Sogn vart flytta til Vikjamoen i Vik, der den var til 1898:
Eksersisplassen Viksmoen.
Under den tyske invasjonen i april 1940 vart Lærdalsøyri bomba med brannbomber av tyskarane.
Etter ei dramatisk røming i 1945 fekk løytnant Ragnar Ulstein reorganisert gruppa og la hovudkvarteret til skogane på Frønningen, der dei hadde radiokontakt med England.
Adolf Hitler (1889-1945) vitja aldri Noreg offisielt, men den 12. april 1934 vitja han Sogn ombord i det tyske krigsskipet "Deutschland".
Fangeleiren
NS-medlemer i Sogn og Fjordane og andre som var mistenkte for å ha samarbeidd med nazistane, vart etter freden 1945 arresterte og sette i varetekt på Lærdalsøyri.
Kvammes Hotel vart brukt som "arrestlokale", seinare nytta ein tyskarbrakker. Arresten vart avvikla etter kort tid, og fangane sende til ein ny fangeleir på Sogndal Folkehøgskule.
NATO
|
Nystuen er nytta til vintertrening. (Foto: NRK) |
Sidan vegsambandet gjennom Lærdal har stor militærstrategisk betydning, har NATO bygd ein stor kai med kran i Habben ved Lærdalsøyri. På 1960-talet var det aktuelt å bygge ei militær oljeleidning til Austlandet gjennom Lærdal. Røyrgata skulle fleire stader liggje 1 meter over bakken, og planen vekte sterke protestar frå grunneigarar. Lina vart stukken, men røyrgata vart ikkje bygd.
Britiske NATO-soldatar har nytta Filefjellsområdet til vintertrening, og har då vore innkvarterte på Maristuen og Nystuen.