Midt på 1700-talet skildra biskop Erik Pontoppidan (1698-1764) både i skrift og i teikningar den fårefulle ferda over skrøpelege bruer.
Thomas Fearnley (1802-1842) viser i akvarellar frå tidleg 1830-tal at vegen mellom Vindhella og Galdane har vorte køyreveg, medan Johannes Flintoe (1786-1870) i 1845 skildrar ei svært dramatisk ferd med hestetrille ned Laukebergbakken i Galdane.
Den største norske målaren frå romantikken, I.C. Dahl (1788-1857), har måla eit av hovudverka sine frå Filefjell: "Stugunøset på Fillefjell", som skildrar reinflokken på fjellet Stugunøset, som kneisar over Nystuen. Han har også måla motivet "Formann reiser over Fillefjell" saman med sonen Siegwald Dahl (1827-1902) (sjå biletet her:
Henrik Formann. Formann var eigar m.a. av Stedje gard i Sogndal). I.C. Dahl skildrar også gamle Lærdalsøyri og seglas på Lærdalsfjorden.
|
"Fra Lærdal" av Gerhard Munthe. Olje på lerret, 1917. (© Blomqvist Kunsthandel) |
Kring 1900 måla
Gerhard Munthe (1849-1929) motiv med bruer og ferdslevegar i Lærdal og gjorde mange skisser frå gardstun og folkeliv.
Henrik Sørensen (1882-1962) var gjest hos skipsreiar Jørgen Stang på
Kapteinsgarden på Ljøsne i mellomkrigstida. Han måla m. a. fleire måleri av den den no verna husmannsplassen i Galdane.
Også Thorvald Erichsen (1868-1939) høyrde til venekrinsen kring Stang, og måla motiv frå Galdane.
Den verdskjende franske målaren Olivier Debré (1920-1999) har gjennom venskapet med ein seinare eigar av Kapteinsgarden, skipsmeklar og kunstsamlar Hans Rasmus
|
Måleri laga på Ljøsne av Olivier Debré. Biletet av kunstnaren er teke av Jens Hauge. (Foto: NRK) |
Astrup, budd mykje i Lærdal (sjå video øvst på sida). Han har måla mange abstrakte bilete med utgangspunkt i naturinntrykka. Fleire av desse bileta vart stilte ut i Lærdal i 1999.
Hans Gjesme frå Lærdal måla ei mengd landskapsbilete frå Lærdal gjennom eit langt kunstnarliv. Han donerte ei stor samling til Lærdal kommune, som opna Gjesme-galleriet i den gamle telegrafbygninga på Lærdalsøyri i 1998.
|
Måleri av Knut Rumohr. (Foto: NRK) |
Sogne-naturen har også vore den sterkaste inspirasjonskjelda til ein av dei fremste abstrakte målarane i Noreg på 1900-talet,
Knut Rumohr frå Frønningen. Ein stor del av livet har han budd på Frønningen, der han bygde hus og atelier.
Jens Hauge frå Lærdal er ein av landets fremste fotografar. Også han nyttar mykje natur og kulturlandskap i heimbygda i sin fotokunst (sjå intervju i reportasje om Debré øvst på sida).