SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Skular i Gloppen

Den kommunale mellomskulen vart slegen saman med FIrda gymnas og realskule i 1924 og flytta inn i denne bygningen. (Foto: Atle Løkken, NRK)
Den kommunale mellomskulen vart slegen saman med FIrda gymnas og realskule i 1924 og flytta inn i denne bygningen. (Foto: Atle Løkken, NRK)

Publisert 25.02.2002 15:10. Oppdatert 17.11.2006 11:34.
LYD OG VIDEO  Lyd Video

Skulefundasen

Sokneprest Gabriel Heiberg (Gloppen) fekk i stand den første skuleordninga i Gloppen i 1743 – ”skulefundasen”. Prestegjeldet fekk åtte skulekrinsar, og skulen vart halden to dagar hjå kvar gardbrukar i krinsen. Dei som vart lærarar, fekk sleppe soldattenesta. Ei lov frå 1823 sette krav til fastskule i kyrkjesokna, men først i 1834 kom den første fastskulen i Gloppen kommune på Føleide, etter sterkt press frå sokneprest Jørgen Meier Heffermehl.

Friskulen på Apalset

Jakob Hjelmeset starta i 1875 ein friskule på Apalset etter idear frå folkehøgskulen. Skulen dreiv han privat, og hadde 39 elevar det første året, fordelt på fleire kurs. Mange i Gloppen var skeptiske til dei radikale idèane som Hjelmesæt fòr med, og arbeidde for å få Nordfjord ungdomsskule som ei motvekt mot ”radikaliseringa”. Det konservative kommunestyret gjorde Hjelmesæt også huslaus i Gloppen ved å stemple skulelokala hans uskikka. Hjelmesæt flytta difor friskulen sin til Breim i 1876, der Ludvig Bjørnereim hjelpte han med rimeleg hus. Skulen fekk 23 elevar, men vart lagt ned då Hjelmesæt døydde i 1877.
I dette huset på Apalset heldt friskulen til i starten. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane.

Amtsskulen på Apalset

Den første Amtsskulen i Sogn og Fjordane vart starta i 1876.

Arbeidsskular i Gloppen

Arbeidsskular etter mønster frå vart starta i 1880-åra av Peder Vilhelmson Flølo i Mardal, og på Breim kom arbeidsskule i 1906. Skulen i Mardal hadde opptil 14 elevar, og underviste i korgfletting, skomakararbeid og snekring. Den vart nedlagt i 1901. Ein av dei som gjekk på denne skulen var den kjende treskjæraren Aslak R. Tystad.

Framhaldsskule

vart sett i gang i Gloppen 1891. Frå 1921 vart det undervist i engelsk. I Breim starta framhaldsskule i 1894.

Meierifaget

Bygdemeieriet i Kandal i Breim var i første halvdel av 1900-talet statleg læreplass for meiersker. Her tok dei imot 2 lærlingar om gongen, som fekk opplæring i både ysting
og smørproduksjon.

Nynorsk

vart innført som skulemål i eindel krinsar i Gloppen frå 1905, og i Breim frå 1909. I Sandane sentrum heldt ein på bokmål heilt til 1920.

Mellomskule

dreiv sokneprest Ludvig Bjørnereim i privat regi på Sandane frå 1899 til 1903. Kommunen gjorde ein freistnad på å overta i 1901, men fekk ikkje støtte frå staten til det. I 1921 vart fagkrinsen i framhaldsskulen utvida, og dette gjorde det mogeleg å starte mellomskule same året. Seinare vart denne kommunale skulen slegen saman med Firda Gymnas og realskule, og flytta inn i same bygning i 1924.

Firda Gymnas

vart skipa 1922 på Sandane etter initiativ frå Firda Mållag, Firda Ungdomslag, Sunnfjord Ungdomslag og Gloppen kommune.

Nordfjord ungdomsskule

på Vereide starta i 1923 som kristeleg folkehøgskule.

Teknisk kveldsskule

I åra under og kring 2. verdskrig vart det drive teknisk kveldsskule på Sandane. Undervisninga gjekk over tre år med ti timar i veka. Lærarane var i hovudsak henta frå Holmøy Arbeidsskule.

Søreide skule

vart grunnlagt i 1974 som eit opplæringssenter for Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal for barn med lærevanskar.

Søreide Kompetansesenter

- Sjå Søreide skule.

Høgskulen i Sogn og Fjordane

Sandane - sjå Søreide skule.

Musikkskule

Gloppen var den første kommunen i Sogn og Fjordane som starta kommunal musikkskule i 1974.

Nordfjordheimen

- skule og internat for psykisk utviklingshemma frå Nordfjord-kommunane.

Nordfjord folkehøgskule

-sjå Nordfjord ungdomsskule.

Norsk Fjordhestgard

på Råd i Breim har sidan 1988 drive undervisning i riding og stell av hest.

Norsk Idrettsveke

vart starta som skule for talentfull friidrettsungdom i 1992. Primus motor for idrettsveka har vore Magnus Willumsen, Breim.

Gloppen Dans- og Ballettskule

vart starta i 1996 av ballettdansar. Skulen har årleg kring 200 elevar, og har hatt framsyningar i Aulaen på Sandane i 1997, 1998 og 2001.

Dagens barne- og ungdomsskular:

(Tal frå 2001)

Austrheim (1.-7. klasse) 83 elevar
Byrkjelo (1.-7. klasse) 83 elevar
Hyen (1.-10. klasse) 63 elevar
Vestre Hyen (1.-4. klasse) 18 elevar
Reed (1.-7. klasse) 64 elevar
Rygg (1.-7. klasse) 57 elevar
Sandane (1.-7. klasse) 195 elevar
Vereide (1.-7. klasse) 45 elevar
Gloppen ungdomsskule (8.-10. klasse) 237 elevar


MEIR OM GLOPPEN 
Gloppen kommune

 
Aviser og media i Gloppen
Historia i Gloppen
Industri og næring i Gloppen
Kjende personar i Gloppen
Kommunehistoria i Gloppen
Krigshistoria i Gloppen
Kyrkjer i Gloppen
Samferdsle i Gloppen
Skular i Gloppen
Verd å sjå i Gloppen

 
Lyd frå Gloppen
Video frå Gloppen
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no