Post
· Steinsundholmen fekk postopneri 1868 med Halvard Jensen som postopnar.
· Refsøen, Buskøy fekk postopneri i 1878.
· Tangenes ved Ytre Steinsund fekk postopneri i 1896.
· Postopneri i Krakhella 1897.
· Postopneri i Rognsvåg ved Kolgrov frå 1899. Flytta til Kolgrov i 1912.
· Hersvik fekk postopneri i 1903.
· Lågøy fekk brevhus i 1904.
· Husøy fekk postkontor 1910.
· Enstad fekk brevhus i 1910 og postopneri i 1920.
· Ytrøygrend fekk postopneri i 1955.
· Eide hadde postopneri frå 1929 til 1969.
· I 2002 har heile Solund kommune berre att eitt "postkontor". Det er såkalla "Post i butikk", som held til i ein blomsterbutikk i Solund Senter på Hardbakke og vart opna i 2001. Resten av kommunen vert dekt med postbod.
Telefon
Telefonen vart ført fram til Kråkevåg i 1910, samstundes med at Dingja på andre sida av Sognefjorden fekk telefon. Kolgrov i Ytre Solund fekk telefon i 1913. Hersvik i Nordsula fekk telefon i 1917.
|
Utvær fyr. |
vart bygd i 1900 med 31 meters tårn i støypejern. Bifyr i lite jernhus bygd i 1952. Radiofyr installert 1954.