·
Handelsstaden Gåsvær
·
Handel på Nautøy
·
Handelsstaden Steinsundholmen
·
Handelsstaden Buskøy
·
Krakhella
·
Ytrøygrend
ENKELTOMTALER:
Solund Branntrygdelag
vart skipa i 1897.
Kopargruver
På Nesøy gjekk det kring 1900 føre seg utvinning av koparkis for ein kort periode. Gruvene finst framleis, men fleire opplysningar om omfanget og kven som dreiv, vantar førebels.
Skipa i 1915. Banken fekk eige bankbygg på Hardbakke i 1937, der det var plass til kommunekontora og distriktslegen.
Truls Pollen
bygde kring 1915 reparasjonsslipp i Pollen. Dette var den første slippen i kommunen, og han fekk mykje å gjere. Seinare dreiv han også notlag og fiskebåt saman med andre. Ein av dei var "Fremad 2" som vart brukt til Shetland i 1941.
Lågøy Slip og Mek. Verksted
på Lågøy vart starta 1933 av Kristoffer Mathiesen som dreiv til 1969. Arne Lambrechts tok då over og dreiv nokre år før han selde til Ingvald Ingvaldsen, og sonen Eivind tok over i 1983. I 1997 gjekk verksemda over til AS - Lågøy Slipp AS. Ingvaldsen dreiv også landhandelen på Lågøy til 1995.
Søstrene Takle kafé og pensjonat
vart starta på Hardbakke i 1946 av Halldis og Sigrid Takle.
Solund kraftlag L/L
vart skipa 1946 - sjå "
Kraftforsyninga i Solund".
Solund Pensjonat
- sjå
Hardbakke Gjestehus og Kaikanten Kafé AS.
Reparasjonsverkstaden var frå starten i 1976 den største arbeidsplassen i Solund, og kunne slippsetje skip på over 1000 tonn.
Hans I. Steinsund
frå Hardbakke starta i 1978 som maskinentreprenør med gravemaskiner og andre anleggsmaskiner.
Buskøy Steinindustri
på Buskøy vart starta i 1981 av Harald Bontveit og Herman Færøyvik. Verksemda nytta den vakre konglomeratsteinen på øya til framstilling av m.a. bordplater, gravstøtter, kjøkkendiskar og peisinnrammingar. Etter at verksemda låg nede nokre år, starta Einar Bontveit, son til Harald, opp att i 2000 under namnet Veststein ANS.
Båtsmia på Færøy
vart starta 1984 av Bjarnhild Færøy og Asmund Myhr. Dei byggjer og reparerer fiskebåtar, skyssbåtar og fritidsbåtar i aluminum og tre.
Hjønnevåg Rederi AS
vart skipa i 1989 av brørne Birger og Rune Hjønnevåg og Jarle Steine, Vågsøy. Reiarlaget har drive med store snurpefarty, og er medeigar i ringnotsnurparen "Sulanger" på 150 fot.
Sparebanken Sogn og Fjordane
- sjå
Sulen Sparebank.
På same vis som ved SolGul si avdeling i Gulen, er det opna såkalla "post i butikk" i blomsterforretninga på Hardbakke.
Senteret reist i 1992 har kring 2000 kvm. golvflate og rommar ein mengd forretningar og offentlege kontor.
Øybygg A/S
Sulen Frisør
Anne Hop helsebutikk
- sjå
Solund Senter ANS.
Selstad AS frå Måløy starta reparasjons- og vedlikehalds-verkstad for notbruk og oppdrettsmerder ved Ytre Steinsund i 1995.
Lending Båtbyggeri
vart starta i 1995 av Øystein Lending. Verksemda lagar lystbåtar og båtinnreiingar.
Færøy Bakeri og Feriesenter
vart starta i det tidlegare skulehuset på Færøy i 1995 av Einar Færøy. Han driv bakeri, restaurant, og tek imot overnatting i "skulehuset" og i eit restaurert hus. Færøy har saman med Nystø Ferie (sjå lenger nede på sida) totalt kapasitet til å ta imot 40-50 gjester.
Sule Trans AS
vart skipa i 1996 av Jostein Kråkås m.fl., og driv brønnbåten "Refleks" som fraktar levande laks og aure til slakterianlegga (sjå
Sulefisk AS).
Solund-ferie AS
i Furevik vart starta i 1996 av Anne Grethe Furrevik. Ho driv utleigehytter og har bygd fiskedam for laks, der turistane kan drive stangfiske.
Snella Kystsaum
vart skipa på Hop ved Hardbakke i 1996 av Sølvi Songstad Waage og Anne Lise Ellingsen. I 2001 flytta Snella Kystsaum inn i det nedlagde postkontoret på Hardbakke, og i 2006 tok dei over ”post i butikk-ordninga” etter
SolGul Blomst.
Wergeland Halsvik AS
- avdeling Solund Verft - sjå
Solund Skips Service AS (Stad Trading).
Nystø Ferie
vart starta på Færøy i 1998 av Venke og Hans Færøy. Dei driv utleige av feriehus.
Veststein ANS
- sjå Buskøy Steinindustri lenger oppe på sida.
Skipa i 2002 av Linda Kalmèr og Paul Peltopera i samband med at dei kjøpte det tidlegare elevinternatet og pensjonatet på Hardbakke av kommunen.
|
Steinsund. (Foto: Steinar Lote, NRK) |
Feriesenter i Steinsund
Hallstein og Doris Steinsund bygde i 1996 feriesenter med fem husvære ved Indre Steinsund. Anlegg har mykje tyske gjestar, og leiger ut fiskebåt.
Solund Verft AS
- mai 2003 - sjå:
Solund Skips Service AS (Stad Trading).
Solund Gjestegaard
på Hardbakke vart opna i 2006 og er eigd av ekteparet Nina Bauge og Tom Erling Bahus, som har bygd om den gamle doktorbustaden til føremålet.
Solund Maritim AS
vart skipa i 2006 av Bjarte Engevik m.fl. Verksemda held til i Solneset og yter alle typar service til lystbåtflåten, m.a. vedlikehald, reparasjonar og lagring.