|
(Foto © Fylkesarkivet) |
Ole Anders Kvigne (1849-1913) frå Lærdal, busett i Balestrand. Hotelleigar og handelsmann. Han heitte opphaveleg Kvigne, men bytte namn til Kvikne på 1880-talet.
Han starta som butikkbetjent hjå kjøpmann Johannes Danielsen på Lærdalsøyri. Då denne i 1868 kjøpte den gamle handelsstaden og gjestgiveriet i Holmen i Balestrand, flytta Ole med dit.
I 1874 kjøpte han seg ein liten gard, og i 1877 kjøpte han både forretninga og gjestgiveriet i Holmen frå Danielsen. Broren
Knut Kvikne kom tidleg på 1880-talet heim frå Amerika, og saman bygde dei opp
Kvikne's hotell. Ole Kvikne tok seg av hotelldrifta, der kona
Kari Kvikne f. Gurvin arbeidde som hotellvertinne. Broren Knut var for det meste guide og fjellførar for turistane.
I Ole Kvikne si tid vart hotellet bygd ut i fleire etappar til den storleiken som vi kjenner på den gamle sveitserstilbygningen i dag. Han dreiv både hotellet, butikk og bakeri til han døydde brått i 1913. Kvikne var medlem av kommunestyret og styreleiar for Balestrand Sparebank.