Juridisk embetseksamen i København 1757. Var m.a. sekretær for ein kommisjon som skulle regulere grensene mot Sverige, før han kring 1760 vart fullmektig sjå stiftsamtmannen i Bergenhus Stiftsamt, som då også omfatta Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre. Den aldrande stiftsamtmannen Ulrik Fredrik de Cicignon var glad for at Knagenhielm kunne avlaste han, og stilte seg ikkje i vegen for at Knagenhielm i 1762 søkte kongen om å få verte fut for den delen av
stiftsamtet som galdt den statlege forvaltninga, medan gamlefuten kunne sitje att med det som var knytt til kyrkja.
Knagenhielm fekk avslag, men tok deretter opp spørsmålet om å få skilt ut nordre luten av stiftsamtet som eige amt. Dette vart gjort i 1763 då Nordre Bergenhuus Amt vart skipa - det som frå 1919 vart heitande Sogn og Fjordane fylke.
Amtmannen flytta heim
de Knagenhielm flytta heim til familiegodset i Kaupanger og styrde amtet sitt derfrå. Han sette systera si inn som styrar på godset. Men Knagenhielm eigde på den tida enorme eigedomar, særleg i indre og ytre Sogn. Amtmannen vart ofte ugild i saker som han skulle handsame, og Knagenhielm fekk også store vanskar med å drive inn den såkalla "ekstraskatten" på 1760-talet.
Blei flytta til Nordland
I 1771 vart han utnemnd til amtmann i Nordland, eit embete han hadde fram til 1789. Han døydde i Bodø i 1796.