|
Henrik Krohn |
Henrik Krohn (1826-1879) frå Bergen, busett i Sogndal. Handelsmann, fabrikkeigar, målreisingsmann og forfattar.
Krohn kom frå ei aristokratisk kjøpmannsfamilie i Bergen, reiste til sjøs som ung gut, men starta seinare som kjøpmann i Bergen. I 1858 kom han i pengenaud og måtte slutte som kjøpmann. I 1868 kjøpte han
Sogndal Tændstikfabrik saman med sivilingeniør M. H. Krog.
Sidan vitja Henrik Krohn ofte Sogne-bygdene. Krohn vart tidleg interessert i landsmålet (seinare nynorsk), og gav 1865–1868 ut ”Ferdamannen” - og deretter "Fraa By og Bygd" frå 1870. Dette bladet gjekk inn i 1880.
Starta første mållaget
I 1868 skipa han det første mållaget i Noreg - ”Vestmannalaget” i Bergen. Krohn var sjølv formann dei første åra, og fekk teikna mange frå den intellektuelle eliten i Bergen som medlemer. Mellom dei som vitja lagsmøta var Ole Bull, Aasmund Olavsson Vinje og Bjørnstierne Bjørnson.
Laget arbeidde elles m.a. for å få reist minnesmerke over kong Harald Hårfagre, og gjenreising av Håkonshallen i Bergen.
Kjøpte Stedje gard
I 1874 kjøpte Henrik Krohn Stedje gard (sjå:
Storgarden Stedje) i Sogndal og busette seg der. Han utvida hovudhuset frå 1744 med tårn, veranda og arker i frodig sveitsarstil. Her fekk han m.a. vitjing av venen Arne Garborg i 1876.
Forfattar og redaktør
I tillegg til å vere redaktør for to målblad, gav Henrik Krohn ut:
Minne fraa ei Stockholmsferd - 1867
Smaakvede av... - 1867
Ei liti ferd fraa Sogndal til Fjærland - 1869
Fraa Vestlandet - 1868
Geirstad-Trond - forteljing på vers - 1869
Svein og Gudveig - forteljing på vers 1869
Dan rette sida, eit lystspel i fire akter - 1875
og diverse skrifter som vart utgjevne av Vestmannalaget i 1909.