·
Landhandlar i Gulen
·
Nyare gjestgjevarstader i Gulen·
Meieria i Gulen
ENKELTOMTALER:
På nord-austsida av Fonnøya ved Eivindvik kan det ha vore gjort forsøk på kopardrift.
På garden Kløvtveit har det frå eldgamle tider vore kvern.
- starta fargeri i Fonnevika, fargefabrikk, landhandel, ekspeditør for Fylkesbaatane og bygde kai. Etterkomarar bygde nytt, stort forretningsbygg og marina for småbåtar like ved butikken. Eigedomane er overtekne av Eivindvik Handelshus AS.
- omreisande skreppekarar på slutten av 1800-talet.
vart starta i 1907.
|
Målarmeister Korsvold. (©Fylkesarkivet) |
O. A. Korsvold målarfirma
i Eivindvik vart starta i 1908 av målarmeister Ole Andreas Korsvold som budde ved Fonnevika. Han var son til den kjende kyrkje- og hotellbyggjaren
Anders Korsvold. Firmaet hadde på 1950-talet store oppdrag med måling av offentlege bygningar over heile Vestlandet. M.a. måla dei
Førde kyrkje då den vart restaurert i 1950.
starta kring 1910.
På 1920-talet vart det skipa bærlag, og frå 2. verdskrig og utover 1950-talet var det mange bønder som satsa på frukt- og bærdyrking.
Mellom dei som satsa på reveavl på 1920-talet, var også gardbrukarar i Neverdal.
Skjerjehamn Notbarkeri
i 1922 - sjå
Skjerjehamn.
Tynning Planteskule
i Brekke vart starta i 1927 av Isak Tynning. Sonen Tormod Tynning tok over i 1939, og seinare overtok svigersonen Einar Nystrand. Planteskulen har sysselsett 5-6 personar i sesongen og omset både frukt, skogsplantar, bærbuskar og prydvekstar.
L/L Brekke Kraftlag
L/L Gulen Kraftlag
begge skipa 1939 - sjå:
Kraftforsyninga i Gulen.
vart skipa i 1947 av Henrik O. Ynnesdal.
Jon Hellesund
slo seg til i Eivindvik i 1950. Han hadde skyssbåt, og dreiv også kafé og pensjonat fram til 1967.
Lovisendal Kafé
i Brekke vart starta i 1967 av Harald Ellingsen. Den starta først i forretningsbygget til Brødrene Ellingsen ved kaia, men vart i 1981 flytta til den freda hovudbygningen på
Lovisendal.
G-foto
vart starta Eivindvik i 1979 av Grete og Kjell Solheim. Etter nokre år selde dei til Hans Petter Martinussen frå Byrknesnøy som dreiv det nokre år under namnet Gulen Fotosenter.
Gulen Fotosenter
- sjå G-foto ovanfor.
Johny Birkeland Transport AS
vart starta i 1982 av Johny Birkeland. Firmaet har spesialisert seg på slamtøming. Det opererer både i Sogn og Fjordane og Hordaland og har fleire spesialbilar og anna spesialutstyr for m.a. inspeksjon av røyr. På industriområdet i Sløvåg har firmaet bygt servicebygg.
Eivindvik Husflid
vart starta i 1996 av Borgny Solbakk og Oddny Sognefest. Seinare trekte Oddny Sognefest seg ut, og Borgny Solbakk dreiv butikken vidare åleine. Butikken sel husflidvarer og souveninar.
Byrknes Auto
- trailertransport, vart starta i 2000 av Stein Inge Larsen. I 2002 har han 4 vogntog og leiger dessutan inn mellom tre og seks vogntog. Starta også Steins Mat og Overnatting (sjå:
Nyare gjestgjevarstader i Gulen).
- m.a. stor bunkringshamn og industriområde i Sløvåg lengst sør i Gulen.
· Fensfjord Marine AS
· Hasan Tank AS
· Statoil
· Baker Oil Tools
· Wergeland-gruppa
· Gulen og Masfjorden Utbyggingsselskap