|
Kommunehuset i Gulen. (Foto: NRK) |
I dag fylgjer grensa til Gulen kommune i Sognefjorden mot Solund, Hyllestad og Høyanger i nord, sør for Sognefjorden mot Høyanger kommune like aust for Indre Oppedal, og mot Masfjorden kommune i Hordaland langs fylkesgrensa frå Kringla (ved E 39) og vestover til Sløvåg-området.
Den delen av noverande Gulen kommune som låg sør for Dingeneset, høyrde i dansketida under futen i Nordhordland.
Ved innføring av formannskapslovene i 1837 vart kommunegrensene lagde etter grensene for prestegjelda. Såleis omfatta Gulen kommune dei første åra både Evenvig (Eivindvik) sokn.
Mest omskifte som kommuneeining har Brekke kommune hatt fram gjenom tida: Den høyrde først til "storkommunen" Evenvig/ prestegjeld frå 1837 til 1850. Så vart Brekke sjølvstendig kommune i 1850, etter at folk i Brekke gjorde krav på eigen kommune.
Kommunen blir kalla Gulen, og det blir indre strid.
I 1888 vedtok kommunestyret med 18 mot 5 røyster å dele kommunen i to etter fjorden. Fylkestinget avslo søknaden. Men spørsmålet om deling kom opp på ny.
Medlem i regionråd og HAFS
Gulen kommune samarbeider med kommunane i Nordhordland i Regionrådet for Nordhordland og Gulen, og i Gulen og Masfjorden Utbyggingsselskap kring utvikling av
Fensfjordprosjektet og hamna i Sløvåg i tilknyting til Statoil Mogstad. Gulen er også med i det interkommunale plan- og utviklingssamarbeidet HAFS, skipa 1992, saman med grannekommunane Solund, Hyllestad, Fjaler og Askvoll.
Eit av dei mest kuriøse kommunale vedtak i Sogn og Fjordane må vere då formannskapet i Gulen i 1983 inviterte den såkalla synske kvinna Anna Elisabeth Westerlund til Gulen for å peike ut den gamle Gulating-staden.
Prost Niels Griis Alstrup Dahl bygde ein staseleg prestebustad like ved kyrkja i Eivindvik. Huset vart kalla "Herresalen".