|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Krigshistoria i Gulen: Torpedobatteriet i RutledalDet første store forsvarsanlegget som tyskarane bygde i Sogn og Fjordane, var torpedobatteriet ved Rutledal. Dette var på plass alt i mai 1940. Publisert 06.11.2002 11:17. Oppdatert 05.02.2007 09:39.Ved ein eventuell alliert invasjon av Noreg rekna nok tyskarane passasjen frå Sogn mot Austlandet over Filefjell og over Flåmsbanen av vital betydning. Det var difor viktig å sperre innløpet til Sognefjorden så snøgt råd var.
| Torpedobatteriet i Rutledal. Foto Kystartilleriet, frå boka "Fronten er kysten". |
Torpedobatteriet nede ved sjøkanten i Rutledal vart utstyrt med to torpedorør og i alt åtte torpedoar. Torpedorøra var norske, og hadde tidlegare vorte nytta ombord i marinefartyet "Skarv". Bygginga av torpedobatteriet gjekk raskt unna, og alt den 23. mai 1940 kunne admiralen i Bergen inspisere det ferdige anlegget. Torpedoane kunne skytast ut med trykkluft frå ei svingbar torpedokanon og treffe mål innanfor ein sektor frå Risnøyna til Rysjedalsvika.
| Frå torpedorommet i Rutledal. Foto: Kystartilleriet, frå boka "Fronten er kysten". |
Torpedobatteriet var bemanna med 14 mann og hadde forsvarsstøtte m.a. frå ei infanteriavdeling som låg i Brekke.
Etter krigen vart torpedobatteriet overteke av det norske Kystartilleriet og var i operativt bruk til 1954, då det vart lagt ned.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|